Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HJAA HO MOR.
263
drog i Munnvikine; Hendane trivla ... Ja, det er du!
det er du alt ihop! jamra ho med skrikande Mæle; altihop
er du! hadde du vori eit anna Menneskje, so hadde
alt vori annarleis, alt!! — ho skreik ende yvi seg.
Du hev gjort meg til ei Jaale! ei Jaale! Ei Jaale hev
du gjort meg til! Ei Jaale! Dei er rædde meg!
Dei skynar meg ikkje; Dei skynar meg ikkje ; alt trur
dei um meg; alt trur dei meg til; alt, alt; skyner du
det? skynar du at det er du? skynar du det? skynar
du det? — Aa langt i fraa; inginting skynar du,
ingin-ting skynar du; aldri hev du forstadi meg; du er ei
Jaale sjølv; og so hev du gjort meg og til ei Jaale!
kom ikkje nære meg! Eg vil ikkje sjaa deg; eg vil
ikkje! Aldri hev du haldi av meg; for hadde du haldi
av meg, so hadde du forstadi meg; du brydde deg um
inginting; du var likesæl um alt; du vilde berre ha
meg til aa kaupe deg ein rik Verson for; og daa eg
var ven nok, kunde det vera det same med det andre
. . . aa Mor, Mor —! Det skrikande Mæle døyvdest
av i lang, jamrande Graat; ho heldt seg fast i
Stol-ar-men og saag ut som ho vilde sige. Ho Mor tok henne
i Armane sine, studde og mest bar henne inn i
Sengkoven; godsnakka som for eit Barn —: stakkars
Krulltoppen min, tak det med Ro no; no skal me
leggje oss og sova; no skal du faa noko godt, og so skal
du faa sova . . . Stakkars Barne mitt, stakkars Barne
mitt . . . Fanny kom i Seng; Graaten stilna.
Ho Mor vaska henne paa Tunnvangane med Edik
og gav henne Vatn med Nafta. Fanny kasta seg att
og fram i Sengi med braae Tak; det skalv um Munnen
hennar; Augo hadde noko sanselaust; ho drog Mor si
til seg som i Fælske —: ikkje gakk fraa meg! ikkje
gakk fraa meg! — Men snart etter tok det til att med
Skriking og ør Tale. Ho yvidyngde Mor si med
Skuldingar; ho Mor hadde vori stygg mot henne; ho
hadde ikkje vori nokor Mor; ho hadde aldri forstadi
henne, aldri havt Umtanke for henne, aldri brytt seg
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>