- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
24

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og glo paa tome Veggir med eit Spytety i Hendane —
daa vart Tidi endelaus reint.

Det saag ikkje ut til at nokon vilde beda henne til
seg paa Lande heller denne Sumaren. Venteleg var det
Fanny dei kvidde seg fyri; Fanny var allstad i Vegen.
So fekk ein sitja her og glo. Hadde det endaa vori som
i Kristiania, at det kunde vera eitkvart aa sjaa paa
Gata! Men nei daa. Ikkje eit Menneskje. Det kunde
vera ein Bonde som kom skranglande ender og daa med
Lortmerri si; men jamenn skulde den vera smaanøgd
som iddest snu paa Hovude etter slikt-noko. Den
einaste Tidtrøyten ein hadde var daa Ungen, som masa og
sangra og vilde ut; var ho roleg ei Stund, so kunde ein
vera trygg for at ho hadde funni paa noko gali. Fru
Holmsen tenkte paa den lange Slimaren og kjende seg
hugsprengd. Dagane snikte seg fram som Makk paa ein
Veg; ein kunde kje sjaa at dei kom av Flekken.

Det vesle Gull-Ure som dei hadde kaupt att til henne
etter Auksjonen, av di det var Ervegull, laag i Øskja si
paa Bordet og gjekk og gjekk; sjaa paa det kunde aldri
hjelpe. Ho tvinga seg i lange Stundir til aa halde Augo
fraa det; tenkte paa andre Ting; paa Kritianiaferdi;
paa Framtidi; paa Middagsmaten; paa Gamle-Kari; det
vart so lengi at ein kunde bli graa i Hovude av det; —
no laut det daa vera gjengi ein Times Tid eller so. Ho
saag paa Klokka. Mange Takk. Det var gjengi sekstan
Minuttar.

Fru Holmsen lagde Spytetye fraa seg; reiste seg
upp; strekte seg; geispa; lagde seg i det opne Glase
og saag ut; kanskje kunde Gjenta til Grannen koma
drivande. So vart det eit lite Drøs: skulde dei eta snart ?
Kva skulde dei hava til Mat? Hadde Hansemann fengi
den fjorde Tonni si? Hadde dei høyrt noko fraa’n Jens
i Amerika? Eller ho gjekk ut og inn fraa Stogo i Kjø-

24

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0026.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free