- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
26

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

seint at ein kunde døy av det; men burte fyrr ein visste
Ord av. Dagen lang som Postillboki; Aare stutt som
ein Geisp.

Sitja her aa surne burt i sine beste Aar; liva halvt
paa Naade og halvt paa Sveltihel og bu seg paa
Alderdomen, — det var dei Vonine ho no hadde aa hyggje
seg med. Kva var det ho hasta etter? Vart ho ikkje
tidsnok gamal? Kvi var det henne so um aa gjera aa
bli av med Tidi?

Ho lengta og harma seg so ho fekk Hovudverk. Og
det var kje denne vanlege Verken som ein kunde vaske
burt med Edik og Vatn; det var ein Verk so ho kunde
gaa fra Vite, ein Verk so Heileskaali kunde sprengjast
sund; og so fylgde det slik ei Uro med, slik ein Angest;
naar den Pina kom, laut ho aat Sengi og berre lata
Verdi sigle.

Ikkje var ho frisk elles heller. Gud veit —; det var
vel det kalde Golve ho hadde havt der ho budde sist.
Aa den Skarven, den Skarven; det Avaat —!

— Nei; det fekk bli ei Raad med den
Kristiania-ferdi lel. Um ikkje for anna, so for Umskifte. Kunde
kje Jomfru Henriksen taka Fanny, tru? Berre for dei
Par Maanane? Ho som hadde dei tvo andre fyrr? —
Fy. Aa nei; so vesalt skulde det ikkje bli med henne,
at ho skulde tigge seg til noko av Mann sin’s Frille.
Det kunde vera gali nok at Tausi hadde Lea og Tom.
Men det var daa noko som han fekk svara fyri.

Likevel, Tanken kom att. Fanny kunde ikkje taka
nokon Skade av det; og med Skammi vart det det same
paa Lag. Kom ho til Kristiania, so kunde ho sidan stelle
seg so at ho fekk alle Borni heim; kom ho der ikkje,
so vart vel Borni verande der dei var til dei var reint
øydelagde. Nils, Broren, turvte ikkje so mykje som
vita um det. Ho kunde finne paa eitkvart; han hadde

26

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free