- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
28

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Baade Fru Holmsen og Jomfru Henriksen maatte læ.
Det er Sakførar Lehmann der uppe som hev sett det
i henne, forklaara Fru Holmsen.

Det gjekk traadt med Samrøda. Dei smilte til
kvarandre og var søtmælte og blide; men rett som det var
tagna dei; og so brüka dei Fanny til aa fylle ut med.

Fru Holmsen venta paa Lea og Tom. So seine som
dei vart! Kunde det vera noko i Vegen? Var dei sjuke?
utsvelte, so dei ikkje kunde gaa? Kannhende hadde dei
ikkje Klæde so dei kunde vise seg?

Ho sat og glytte til Jomfru Henriksen fraa Sida og
undrast paa, kva der kunde bu i henne. Kunde det vera
noko godt i slik ei Taus? Ho saag ikkje snild ut. Det
var eit skrint, magert Kvinnfolk med stive Faktir;
Augo var smaae og blaakalde. Munnen bleik; Mæle
fekk lett ein kvass Klang; ein kunde taka henne for ei
Skjerpe. Men det var ho vel ikkje heller, naar han heldt
ut med ho; daa maatte ho vel vera anten ven eller snild,
og naar ho ikkje var ven, som visst ingin skulde segja
henne paa, so maatte ho vel vera svært snild daa,
skulde ein tru. Endaa det var utrulegt alt det
Mannfolk kunde halde ut med, berre dei fekk hava det paa
Ungkarsfot! Eller kannhende det var Pengane hennar
han gjekk og fridde etter. Han var Mann for alt. Og
her var visst Pengar nok. Det var berre Velstand kor
ein saag; godt gjekk ho klædd, med Øyredobbar og
Gullstas; og slik ein Innbunad var her, i Valnot og
Bjørk med Ripstrekk og Plüsch, og fine Borddukar, og
Golvklæde, og paa Veggjom store gilde Oljetrykk...
aa jau! Han maatte gjeva av seg, denne Modehandelen.

— Der var Borni! — nyvaska og stelte; Fru Holmsen
var i eit Sprang burt-hjaa deim; huka seg ned og tok
deim inn til seg; kysste deim; grét; aa Gud vere Lov
og Takk! — dei saag ikkje verst ut endaa.

28

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free