Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Dei saag heller godt ut. Knapt klædde var dei alltid,
men heile og reine; og den bleike Hamliten — naa,
Herre Gud, alle Born var bleike i Kristiania. Ho haüae
uroa seg meir enn det turvtest. Upplæring fekk dei
visst au; dei hadde helsa paa Mor si rett vent; og
skipelege og stille var dei, so Fanny tok seg ut mot
deim som eit lite Villdyr. Naar alt kom ihop vilde ho
visst hava godt av aa vera her eit Bil. Der uppe fekk
ho raa seg sjølv meir enn godt var; her kunde ho bli
aga litegrand, og det vilde visst ikkje gjera Skade.
Fru Holmsen bar upp Maalemne; Jomfru Henriksen
gav eit naadigt Svar. Det fekk vera som ho hadde sagt
i Breve sitt, sagde ho. Holmsen hadde vori henne slik
ein Gagns Mann i Forretningi, med Regnskapsførsle og
Greiding av Vanskar, at ho vilde vera rimeleg mot han
att so langt som Raad var. Ja eg veit nok kva Folk
segjer, lagde ho til; men De veit, at skulde ein høyre
etter Folkesnakk, so vart ein snart graa i Hovude. Elles
hadde ho alltid vori barnegod; og naar det dertil var
Born som var heimlause aa kalle, — og naar Frua ikkje
hadde onnor Raad —; det var alltid so vondt aa segja
nei, totte Jomfru Henriksen. Stelle Born trudde ho nok
at ho forstod seg paa; Frua turvte ikkje bry seg i so
Maate. Fanny skulde faa det som dei tvo andre hadde
det; og daa vilde Holmsen vera fornøgd. Ho hadde tala
med han sjølv um dette; og for hans Skuld, som sagt;
og naar Frua var i slik Naud ...
Fru Holmsen tagna meir og meir. Ho lét Fanny vera
etter og gjekk, med samanknipin Munn og heit um
Augo. —
— Det stod godt til med Bror Nils, men mindre godt
med Marie. Ho vandra um i Huse framand og
fordrøymd, og hadde kje Greide paa nokonting. Det var
ein halvtrylt Teolog ho var komi i Hendane paa; og han
29
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>