Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
styre seg, skreik som ho var vill, kvar Gong ho saag
Mor si: eg vil vera med! eg vil vera med! Og det vart
verre og verre aa sleppe ifraa henne.
Fru Holmsen hadde gjerne eitkvart godt med til deim
naar ho kom, helst um Sundagen; og det var hardt aa
sjaa kor hole dei var etter kvar minste Biten. Og so
stygt som Jomfrua glodde paa deim naar dei aat. Lea,
som best kunde styre seg, lagde gjerne sitt Stykke i
Lümma og sagde at ho vilde eta det upp «naar ho fekk
Mathug»; — aa jau; det skulde ho faa oss til aa tru!
Dei hev ikkje godt av aa eta millom Maali, sagde
Jomfru Henriksen. Eg tenkjer dei hev godt av aa eta naar
dei er svoltne, meinte Fru Holmsen. Ja De trur no vel
ikkje at dei svelt her? spurde Jomfrua og lest smile.
Eg kann ikkje tru at De er so... hjartelaus, svara Fru
Holmsen, ho drog paa det; eg vilde nok vita korleis den
skulde ha det i si siste Stund, som hadde det aa tenkje
paa, at ho hadde svelt eit Barn! — Eg hev det ikkje paa
den Maaten eg, meinte Jomfrua; og De tarv visst ikkje
setja Dykk i Kostnad for Borni si Skuld. — Aa, det
gjeng i deim det dei fær, ser eg, svara Fru Holmsen.
Det kom til Ordskifte ender og daa. Og dei kunde
erte seg upp, til dei gjekk rundt kvarandre som tvo
Kjettur, med Klørne kvar Stundi uppunder Augo paa
kvarandre, rykkjande, klaabrennande etter aa hogge
til. Det var fælt at ein ikkje kunde faa sleppe seg laus,
totte Fru Holmsen; men der var inga Raad; berre ein
sagde eit Ord, so —: «ver so god; tak Ungane att! ver
so god! inginting i Vegen! gjerne for meg!» — Ish, for
eit Menneskje.
Men var det so at Borni gjekk og svalt, so maatte og
skulde ho gjera ein Utveg. Um ho so laut gaa til
Holmsen att —; for Borni si Skuld fekk ho gjera det. Og
naar ho kom for deira Skuld, so maatte vel han ög
32
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>