Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ikkje eg veit det ?... at du vil hava Resolusjon paa
meg som paa ein annan Slusk! ... Endaa rart, at du
ikkje vil hava meg paa Kronarbeid! — Aa, meinte ho,
du slepp fraa alt du; du hev nok visst aa stelle deg so.
— Kva vil du eg skal gjera daa, Menneskje! Det eg
aatte der uppe hev du hjelpt meg ifraa; og noko anna
hev eg kje fengi enno; og fær ikkje heller; eg er leid
av alt; gjev Fanden i heile Greida ... ish; det forstend
ikkje du. — Nei det er greidt, at ikkje eg forstend noko;
men so mykje forstend eg, at dersom du lét meg faa det
som du sumlar burt... —Reis til Helvite, Madam! No
vil eg kje høyre meir av dette Vase ditt; forstend du
det? adjø! — han treiv Hatten og rømde; der stod ho.
Ho gjekk graatande heim.
Aa, so raadlaust og stygt og fælt som alt var. Ingin
aa gaa til nokon Stad; han som skulde vera den
nærmaste, han var den verste.
Han var verre enn fyrr. Og so forkomin som han
var. Tenk; dette skulde vera Skogkongen. — Aa jau;
Gud hjelpe oss for Konge! Han hadde kje so mykje
som eit Rom for seg sjølv; Kammerse hans hjaa
01-handlar Simonsen i Vaterland, det vart samstundes
bruka til Losement for Ferdafolk... Og som han saag
ut. Øltung og sabbin, sluskut og slurveleg klædd,
fylle-feit og gul i Kinni, Haare vaatt og ugreidt fram-yvi
Skallen, Skjegge ustelt; dei talgljose Augo heite og
raude etter den siste Rusen; yvi det heile noko sjukt og
villt; Mannen var ein Fyllefant! — Og dette Menneskje
hadde ho vori gift med. Dette Menneskje skulde vera
Far; det var han, Borni skulde hava aa lite paa
fram-i-gjenom. Stakkars deim, stakkars deim!
Nei; noko so hjelpelaust som desse Borni. Ikkje
For-eldri sine dessmeir kunde dei lite paa; ikkje sine eigne
Foreldre!
34
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>