Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ho gjekk og elte seg med dette, til Hovudverken kom
og ho mest vart arbeidsufør. No leid det til den Tidi
at ho maatte tenkje paa Heimvegen att; kor skulde det
gaa ? Fara fraa Borni som det var stelt kunde ho ikkje;
endaa mindre kunde ho taka deim med seg. Der heime
hadde ho inginting aa føde deim med; det kunde taka
Tid aa faa Syskulen i Gang; og med Saumen sin kunde
ho føde seg sjølv og Fanny, fekk ho tru, men ikkje
fleire. Gamle Kjeningar skulde ho ikkje vente Hjelp av
stødt; dei kunde snart finne at ho tyngde for mykje paa
deim. Att og fram, att og fram tenkte ho; kom ingin
Veg, men fekk ikkje Tankane fraa seg heller; det vart
reint svart for henne stundom.
Nils talde for henne det beste han kunde; desse
Kje-ringane maatte ha fari med Snakk, sa han. Dei var
vel Uvénir med Jomfru Henriksen; alle simple Folk var
alltid Uvénir; og so skulde dei paa Kjeringvis hemne
seg med Kjeften. Naar Borni saag ut som Folk, so
hadde dei det vel som Folk au. Det var ikkje noko aa
bry seg um, at dei var glade i Kveitebrød og at dei grét
og vilde til Mor si; so var det med alle Born. Ho fekk
kje tru Holmsen for klent heller. Han kunde vera so
laak ein Kar han vilde; han var visst ikkje den som
fann seg i at Borni hans leid vondt. Han var paa sin
Maate glad i deim, trudde Nils; iser var Guten
Augne-steinen hans; det var ingi Meining i aa tru, at han lét
deim svelte.
Fru Holmsen høyrde paa dette stundom; men rett
som det var sat ho og grét att. Og daa Avfardagen kom,
var det nære paa at ho hadde teki alle tri Borni med
seg heim.
Det var for vondt aa sjaa dei forskræmde Armingane
staa kvar i si Kraa og hikste og graate som det var
Live det galdt; ho kunde ikkje fara ifraa deim. Det var
35
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>