Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Jomfru Henriksen som maatte gjera Aalvor av det og
faa ein Ende paa Tingen; det er vel ikkje verdt aa
plaage deim for lengi, sagde ho, og jaga Lea og Tom ut.
Fru Holmsen kunde ha éti henne. Men so tok ho til
Vite og reiste. Vaarherre fekk hava eit Auga med
Borni; Nils hadde ög lova aa hava eit Auga med deim.
Det som ikkje kunde vera annarleis laut vera som
det var.
Men Borni som grét fylgde henne paa heile
Heimvegen. Ho kunde ikkje faa deim fraa seg; ho høyrde
deim gjenom Jønnvegrammelen; paa kvar Station
maatte ho ut og sjaa etter deim; ho totte dei kom etter
henne, ropa paa henne, strekte Armane ut etter henne,
bad henne vente, vente. .. iser kunde ho so tydeleg
høyre Graaten hans vesle Tom.
Det vart kje stort likare daa ho kom heim; dei tvo
smaae var etter henne Dag og Natt, i Tankar og
Draumar og urolege Innbilningar. Ho kunde ikkje skyna at
ho hadde reist ifraa deim; ho maatte ha vori fraa Vit
og Forstand. Dei maatte heim, dei maatte heim; ho
kunde ikkje liva, fyrr ho var trygg for Borni.
Ho fekk fleire Kjolar aa sy, og rekna ut at til Jol
maatte ho ha tent so og so mykje; med dei tri Dalane
til Fanny vart det ein heil Sum. So leigde ho seg ein
billeg Bustad; tok til aa liva paa Mjølmat, Jordeple og
Sild; skreiv so til Holmsen og naudbad og naudtagg, at
han maatte hjelpe henne for Guds Skuld med nokre
Dalar, naar det leid yvi Helgi; so vilde ho taka Borni
heim straks, og sidan sjølv med Guds Hjelp forsyrgje
deim.
Ho vart rolegare etter dette. Men Hovudverken heldt
paa. Etterkvart vart det verre, so ho stundomtil laut
halde Sengi. Og naar ho var klen, nytta det ikkje med
Mjølmat og Sild; ho maatte skaffe seg Mat som ho
36
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>