Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
avbakeleg, i Bakken ovanum Kyrkja, der det ikkje var
Gatur dessmeir, berre Gangstigar og Søyle, daa det berre
budde Arbeidsfolk der; skikkelegt Folk kunde visst
ikkje finne henne. Og slik var det i Verdi; ute av Augo,
ute av Sinn. Dei tenkte vel ho var framfødd ög no, daa
ho hadde vori i Kristiania og lært Kjolesaum.
Vesle-Jolaftan kom. Det var tomt i Huse; og Fru
Holmsen hadde Hovudverken sin. Fanny vart send til
Lehmann; Fru Holmsen laag og venta paa Gamle-Kari.
Daa banka det lint paa Døri. «Kom inn!» — Døri gjekk
upp. I Dørgape viste seg fyrst Tom og so Lea.
Fru Holmsen vart so glad at ho vart frisk. Kom dei
no, so kom den kje tomhendte. Og tenk so gildt aa faa
Borni sine heim til Jol! — Ho sprang upp i berre
Line som ho der laag, og tok imot deim med
Glede-taarur.
Men dei kom tomhendte. Papa hadde kje havt noko
aa gjeva deim. Og Jomfrua hadde vori so vond so;
Papa var til Uvéns med Jomfrua.
Daa sette Fru Holmsen seg beint ned. Ho var graa i
Andlite. Blaae og bleike stod Borni der, reint
forkomne av Kulde. Vesle Tom tok til aa sutre og beda
um Mat. Dei hadde eti upp Nista si for lengi sidan,
sagde han.
Fru Holmsen reiste seg og tok til aa klæde paa seg.
Ho sette upp Haare; stelte paa Hatten; tok ny
Hals-krage; gjorde seg ven. Ho fekk gaa til Haltemikkel
sjølv i Dag; det fekk vera det same. Det var snart aa
vita kva han vilde tru; men Borni maatte hava Mat;
der var ingi Raad for det.
Ho kom att med Korgi full, Braud, Smør, Kaffi,
Sukker. Og Borni fekk Mat; — stakkars Krek, so svoltne
dei var. Det var lite att av Maten daa dei var mette.
So fekk dei av seg og lagde seg. Og so vart dei varme
38
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>