- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
41

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gløyme han som hev sent oss alt dette gode. Igaar var
det tomt Hus og alt svart; eg var reint raadlaus; ingin
Ting hadde eg, og ingin Stad hadde eg aa gaa; men so
i Natt, daa eg laag her og vakte og vreid meg og braut
Hovude mitt og visste korkje att eller fram, so kom eg
til aa tenkje paa, at det er daa ein eg kann gaa til; og
so bad eg til Gud; ja det gjorde eg, so godt eg kunde og
visste. Og no ser De at han visste Raad! — Aa ja; me
fær nok halde oss til honom me, som ingin annan
Hjelpar hev i denne Verdi.

Lea sat med nedslegne Augo og saag bljug ut; Tom
aat; Fanny glodde. Ho fekk store Tankar um Gud. Du
Mor? sagde ho um ei Rid; eg vil be’ Gud om ei ny
Rosalie. — Jaso daa, Krulltoppen, vil du det? smilte Fru
Holmsen. Ja; ei ny, fin Rosalie vil eg ha, mykje finare
enn den gamle. — Ja ja, sagde Fru Holmsen, bed du,
Barne mitt; er du snild Gjente, so fær du nok. — Ja;
snild Gjente skulde Fanny vera.

Lea vilde ikkje tilstaa at dei hadde svolti hjaa Jomfru
Henriksen. Det hadde berre vori liksom so rart; dei
hadde ikkje tort eta seg mette. Kva det var som hadde
gjort det ugreidt millom Jomfrua og han Far visste
ikkje Lea. Han Far hadde vori ut-paa Lande eit Par
Gongir, ned-ved Drammen ein Stad; det var ein Gard
han skulde faa styre der, trudde Lea; eller kannhende
det var ein Skog ... Naa Gudskjelov, tok Fru Holmsen
i; kanskje det kann laga seg paa ein Maate likevel daa!
— Ho hev so mykje Skog, den Jomfru Aaberg, heldt
Lea fram. — Aa-haa! er det Jomfru Aaberg han skal
styre Skog for? spurde Fru Holmsen vaknande. Det er
visst det... Lea saag utrygg ut. — Ja det kann eg tru!
Det var noko for honom! Skognymfa! Ja daa skal me
nok ikkje nemne Guds Namn her; det er visst ikkje han
som hev havt med den Ting aa gjera. Eg høyrde nok

41

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0043.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free