- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
43

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

som det ho no hadde freista; det var kje sagt at Gud
og Godtfolk kunde hjelpe kvar Gong. Men Fanny vilde
ho ikkje sleppe fraa seg. Det fekk vera nok at den tvo
vaks upp utan Heim.

— So var Fru Holmsen aaleine med Fanny att; og
Tidi tok til aa sige og sige paa sin gamle Maate.

Men Fanny hadde aldri vore so ampesam som ho no
var. Ein skulde tru ho illtreivst og totte langt, av di ho
hadde misst Lage sitt.

Ho gnaala og gnog fraa Morgon til Kveld; Fred var
det aldri. Og det verste var at ho skjepla Svevnen for
Mor si.

Fru Holmsen sovna sjeldan fyrr langt paa Natt,
ofte ikkje fyrr utpaa Morgonen; Fanny, som lagde
seg tidleg, stod upp med Hønsi att, og vekte dermed
Mor si, naar denne mang ein Gong berre so vidt hadde
sovna.

So gjekk Fru Holmsen all Dagen rangsvævd og leid,
hovudtung og mødd av altslag. Ho tolde inginting; var
reint som hudlaus; det minste som bar imot arga henne
upp. Fanny kunde med sitt Gnag mest taka Vite fraa
henne. Aa for ei Møde det var aa hava Born! Og so
bundin som ein vart! Heile Dagen var det aa gaa og
gjæte denne Ungen, at ho ikkje gjorde Ugagn, eller slog
eller brende seg; ikkje den minste Stundi kunde ein
hava for seg sjølv; ein var i verre Trældom enn nokor
Tenestgjente.

— Uff, er du no der att! kom ho farande inn fraa
Kjøken rett som det var; hev eg kje sagt deg, at du maa
ikkje gjera dette ? Hm ? Kann du lata Vaskevatne vera,
segjer eg? Ish! Fy for noko Susl. Kann du kje sputte
paa Lurva, naar du endeleg skal vaske Golve; du vaskar
like godt for det ? Soh! Ja ? — Ja. — No er du so snild
at du hugsar dette, eller so fær du Bask; sky nar du det ?

43

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0045.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free