- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
46

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

du skal faa leggje deg. Men so maa du vera snild og
tegja. Du vitskræmer heile Byen med denne Ylingi.
— So, Krulltoppen; leggje seg no og sova pent. — Men
tegja! Du veit, kor det gjeng, naar du skrik! Fanny
gøymde seg under Aaklæde; der kjende ho seg tryggare
og gav den halvdøyvde Graaten friare Gang. Fanny —!
truga det fraa ho Mor att. Fanny døyvde Graaten so godt
ho kunde; ho Mor gjekk ut og inn ei Rid og gav seg
eitkvart aa stella med. Endeleg høyrdest det ut til at
det verste var yvi-stridt. Og um ei Stund hadde Fanny
sovna; ho laag og drog Anden djupt, hikstande.
Stakkars Krulltoppen, sukka Fru Holmsen; kva skal det bli
av deg, tru. Gud hjelpe oss; ho er nok altfor lik den eg
tenkjer paa no!

— Den Dokka, Fanny hadde bedi Gud um, fekk ho
paa Aarmaalsdagen sin av Bokbindar Lundstrøm.

Dokka var so fin at det var utifraa; men Krulltoppen
var enddaa ikkje fornøgd. Denne Lundstrøm, som tok til
aa gaa her, kunde ho ikkje like.

Du ska’ kje vera so snild mot Lundstrøm, Mor; sagde
Fanny. — Tykkjer du eg er snild mot han du? svara
ho mor; eg tykkjer eg er so leid og vrang som eg kann
vera. — Ja men kvi gjeng han her daa ? — Snilde
Krulltoppen, naar eg ikkje kann bli kvitt han?

Bokbindar Lundstrøm hadde lengi set blidt til den
fagre Fru Margrethe; og i seinare Tid hadde han teki til
aa frie paa Aalvor. Fyrst vårt og bljugt, med smaae
Gaavur og stor Vyrdnad, men etterkvart djervare, daa
han saag at han ikkje vart vist burt. Han sende Blomar
og Vers, kom paa Helsing naar det var noko, gav Fanny
meir enn ho vilde hava, og fekk stundom Lov til aa vera
Fru Holmsen sjølv til Hjelp, naar denne ingi onnor Raad
hadde; no i denne knipne Tidi daa Borni var heime,
hadde han endaa fengi Lov til aa laane henne nokre

46

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free