- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
47

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Skillingar. Lünefengd var ho og underleg imot han rett
som det var; men Kvinnfolki var ikkje annarleis, tenkte
Lundstrøm, og den som berre heldt ut, so kom vel den
Dagen daa ho gav seg.

Han lika henne; han var verkligen kär. Den bleike
Frua med dei djupe Augo hadde hugteki han; ho var so
skön. Skön som sorgen, skön som natten. Og um ho
ikkje var so reint ung lenger, so fekk han med sine firti
Aar ikkje rekne so nøgje paa det.

Eit stort Framstig gjorde han ein Kveld med Hjelp av
Gamle-Kari. Veit De kva, Lundstrøm, sagde ho, no
tykkjer eg det, at De, som er ein fin Kabbelér, og
Ungkar og Spélemann som dei segjer, — De skulde vera
galant mot oss Damene og ikkje la oss sitja her og vera
baade svoltne og tyrste. — Hvad säger du. Kari? spratt
Lundstrøm upp; skulde det vara möjligt —; han snudde
seg til Fru Holmsen; skulde ni vilja tilåta mej... —
Pytt, berre kom med Pengane, De, meinte Gamle-Kari,
so greider eg Resten. Ei Stund etter sat heile Flokken i
godt Lag ved Syborde til Fru Holmsen og aat
Franskbrød og drakk 01; og Lundstrøm kjende seg so sæl av
aa vera Vert, at han vart kvat og fortalde Smaarispur.
Haa, haa, haa! so rar som De er, Lundstrøm! lo
Gamle-Kari.

— Han gjorde det uppatt. Og han tenkte med seg, at
so fast Fot han hadde fengi i Huse no, so lét han seg
ikkje drive ut att meir, um det gjekk aldri so gali.

Men det var denne Fanny; ho var leid. Henne kom
han ingin Veg med. Aldri vilde ho sitja paa Fange hans,
og aldri var der ein Smil aa faa; men nasevis var ho, so
det kunde vera reint ulidande. Kvifor fargar du Haare
ditt, Lundstrøm? spurde ho; eller: kvifor hev du so
stygge Tennar, Lundstrøm ? — Hah ... hvah ? stota
Bokbindaren, og søkte Hjelp hjaa Fru Holmsen med be-

47

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0049.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free