Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ein Kveld raaka Fanny Budeigja ute paa Tune; og
halvløynd attum Stakken hennar smette ho seg med inn
i Drengjestogo trass i Forbode.
Ho hadde ikkje godt av seg; og daa Gina um eit lite
Grand kom og ropa paa henne, gjekk ho. Men daa ho
kom ut, tok ho til aa graate. Kva er det du græt for?
spurde Gina. — No segjer du det til Far din og Mor di,
sutra Fanny. — Vil du fortelja meg det som dei fortalde
deg inne no, so skal eg kje segja det, svara Gina. — Dei
fortalde kje noko; du kom og fekk meg ut att, du! — I
Morgo skal eg ikkje koma; men so skal du fortelja meg
alt det som dei fortel. Vil du det? — Ja; men so skal
ikkje du segja det til Far din og Mor di! — Nei det skal
eg ikkje.
Kveldane etterpaa var Fanny i Drengjestogo. Ho
tenkte so smaatt paa han som er allstad-verande; ho var
rædd han laag paa Lur i den myrke Kroken attum
Lofts-troppi; men ho gjekk inn likevel; for det hadde ho lova
Gina. Og naar ho kom inn, gøymde ho seg hjaa Budeigja
og var ikkje rædd lenger.
«Fortel, Marit!» bad ho; og Budeigja fortalde. Ho
fortalde dei Sogune som Karane bad um og; det var som
ho var meir fri paa det no enn ho hadde vori. Men det
var ikkje alltid so morosamt, det ho fortalde no. Karane
lo nok stundom, men Fanny kunde ofte ikkje skyna kva
det var dei lo aat.
Gina fekk Sogune att so godt som Fanny kunde hugse
deim; stundom kniste ho og lo paa Lag som Gjentune i
Drengjestogo. Kvi lær du? spurde Fanny. — Ikkje for
noko, svara Gina; men du maa kje fortelja dette til
nokon annan. — Kvi daa ? — For di det er stygt. — Er det
stygt ? — Ja. — Kvifor er det stygt daa ? — Jau. — Ja
kvifor det daa? — Jau du kann vel skyna at det er
stygt. Fortel meir daa, Fanny! —
55
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>