Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Men ein Dag vart Fanny send attende til Byen. Ho
steig fram for Mor si huglaus og rædd. Fru Holmsen
tagde og las det Breve, Fru Wiig hadde sendt med; so
gjekk ho etter Rise.
Det vart eit hardt Bask. So syndig Juling hadde
Krulltoppen aldri fyrr fengi. Men so vart det og ei
Refsing som beit.
Heile Dagen etterpaa gjekk Fanny liksom og gøymde
seg. Stundom grét ho, men nedkjøvt og stilt, mest som
eit vaksi Menneskje; Mor hennar vart sistpaa reint
ottesam og tok til aa undrast paa um ho skulde ha skræmt
Vite av henne. Um Kvelden, daa Fanny hadde lagt seg,
tok Graaten henne so serkt at det var uhuglegt. Nei
men kva er det, Krulltoppen? spurde Mori. Er du reint
paa Styr? Hm? Kva er det daa, Barne mitt? — Du —
du — du — er sint paa meg! hiksta Fanny. — Nei men
kjære deg daa, Barn, kor kann du no koma paa slikt?
Du kann daa vita me er like gode Vénir, me! Berre du
ikkje gjer slikt upp att, so hugsar ho Mor aldri meir
paa dette! — Nei, jamra Fanny; du er vond paa meg,
Mor; alle er vonde paa meg; Gud er vond paa meg; de
er vonde paa meg alle! — For noko Tull, Barn; so; teg
deg no og les Fadervaar. Berre du bed vent til Gud, so
veit du det blir godt. So: Fader vaar... — Fader vaar —
uh, hu, hu! — ... du som er i... — du som er i–du
som — uh, hu, hu, hu! — Det drygde lengi den Kvelden
fyrr Fanny sovna. Underlegt Barn, den Krulltoppen. —
— Ein Kveld var Fru Holmsen paa Mühlbergs Hoteli
og vart der kjend med ein Kristianiamann, Agent Solum,
som kunde fortelja henne um «Skognymfa». Jau
Gudbevars, sa han og smilte paa sin rolege Maate; det er
visst sant alt som De hev høyrt um henne — av gali
daa ... Kva segjer De ? Daning ? Ho er ei vanleg
Tjene-stegjente. — Ho hev havt ein rik Onkel i Amerika daa?
56
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>