- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
57

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— Nei; ho hev drukki seg rik, kann ein segja. — Naa,
det er noko nytt! Det maa De greide ut for meg, Solum.

— Gjerne det, Frue. Ho tente nokre Aar hjaa ei rik
En-kjefrue som drakk; so drakk dei tvo i Lag, til dess dei
vart Godvénir; og daa so den gamla Enkjefrua døydde
ein Dag, so var det Jomfru Aaberg som ervde. — Nei no
hev eg aldri høyrt. Ja slik skal süme slumpe uppi det!

— Der var som ein litin Tone av Ovund i Mæle til Fru
Holmsen.

— Gift? Solum drog paa sine trauste Herdar; kven
vilde vel hava slikt eit Troll? — Aa, naar ho var rik?

— Nei, ser De, ho var altfor —. Og so slikt eit Ord paa
seg; det var sagt, kann De tenkje, at um Kveldane, naar
ho hadde drukki den gamle Enkjefrua full, so tura ho
sidan ute i Kjøken med Gutane sine. — Naa; ja slik ei,
det var noko for honom! — Aa, De meiner for —. Naa;
han er elles ikkje aaleine um henne, dersom det kan
trøyste Dykk; han er endaa til komin i Skyldskap med
ein Professor! — Men, lagde Solum til med sin godslege
Smil, han er, Gudbevars, for den Skuld likso vel Verbror
til Gardsdrengen!

Fru Holmsen vart reint forstøkt. So mykje hadde dei
jamvel ikkje visst aa fortelja paa Syskulen. — Og tenk
Borni! — «Det kann daa aldri vera sant alt dette,
Solum?»

Men Solum visste kva han sagde. Eg driv med Skog
i seinare Tid, heldt han fram; og so hev eg vanka noko
paa Elmerud og. De tarv aldri tru det gjeng dult med
Ustelle der ute!

— Stakkars Born; stakkars Born!

Men at slikt kunde gaa for seg? At ein i eit kriste
Land tolde slik Styggedom? Var det ikkje so, at slike
Kvinnfolk vart tekne og sette paa Tukthuse? — Fru
Holmsen var reint uppøst.

57

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0059.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free