Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Solum drog paa Akslom. Naar det ikkje kjem Born,
sagde han, og elles, naar ein hev det som ho... sit godt
og trygt og er ingin Mann skyldug... so kjem det kje
nokon ved kva ein fer med so i sitt eigi Hus, vel? —
Elles veit De, at ei Dame ikkje vilde ta det paa den
Maa-ten. Med ein Gong slog Fru Holmsen Augo ned; Solum
saag paa henne so rolegt og fast, at ho vart fortrylt av
det.
Agenten hadde vori Handelsreisende; fraa den Tid var
han som Barn i Huse her; og i Kveld skulde han vera
Gjest hjaa Fru Mühlberg. Fru Holmsen vart au med;
og dei hadde ein svært koselig Kveld. Solum var ein
hyggjeleg Kar, baade traust og kvik, baade morosam og
aalvorsam. Det var som han gjorde seg eit Grand til for
henne, totte ho. Gift var han; det var greidt. Men
stakkars Marthe, — Solum riste paa Hovude og saag
ægte-mannssorgfull ut: ho blir nok ikkje gamal, er eg rædd.
— Er ho laak daa? — Ja; Bringa. — Aa, Stakkar. Ja
daa er det vel lite Von. — Ja; ho gjer det visst ikkje
lengi. —
Noko av det gildaste ved Solum var det at han var so
barneglad. Dei kom til aa tala um Fanny; og so maatte
Fru Holmsen fortelja um henne heile Kvelden sidan.
Fru Mühlberg hjelpte til: hugser De den Gongen ...
hugsar De den Gongen? — Kann De hugse daa ho laag i
Glase og sende Slengkyssar ned til Frits, som stod paa
Gata og helsa paa ho ... fo’tu’li’vis ’libt i meg! sa ho
millom kvar Kyss, fo’tu’li’vis ’libt i meg! — Ha-ha-ha! —
Eller naar han var heime, denne digre Kandidat
Lehmann — han Halvtomsingen, som gjeng og rykkjer paa
Aksline og liksom skubbar seg —, so trudde Fanny han
hadde... Dyr paa seg, og so gjekk ho etter han paa
Gata og sagde so høgt at han mest maatte høyre det:
’ka’ e’ ta Nuta? ’ka’ e’ ta Nuta? — Ha-ha-ha! — Eller
58
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>