Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
no paa Aarmaalsdagen hennar, daa Fru Dahl sende
henne dei nye Skorne ... — Ja, daa var ho og god! Det
var um Morgonen, fyrr ho var uppe; so kom desse
Skorne; so segjer eg: no maa du reise deg og takke fint!
segjer eg. Nei, sagde Krulltoppen, eg vil kje takke! Du
skal nok sjaa at du maa sy for Skorne, Mor! — Ha-ha,
hev du høyrt paa Unge! — Ho hev vel høyrt gjeti at Fru
Dahl er... noko nøgg paa det... Hugsar De dei
Tvo-dags-Lagi ho heldt, Fru Mühlberg? — Um eg hugsar?
Ja eg skulde tru. — De maa vita, Solum, ho brüka aa
halde tvo Lag, eit for Storfolk den eine Dagen, og so
eit Dagen etter paa Leivingane ... — Naa; det var sløg
Kjering! — Daa bad ho oss andre, ser De. Men ho
slutta med det att; ho fekk nok høyre so mykje, at...
Ja, De var leid med henne, Fru Holmsen. — Aa, eg som
andre. — De gav henne det so midt upp i Augo, De...
Naa, er det Fyrste- eller Andredagslag i Kveld daa,
Fru Dahl ? — Nei tenk, vart der so mykje att igaar daa,
Fru Dahl? — Nei men skal det vera til oss dette, Fru
Dahl? — Aa jau, ho fekk kjenne det! —- Ha-ha; Fru
Holmsen er lentug, skaut Solum inn; det er vel ikkje
for inginting, at De hev slik ei kvik Dotter, Fru
Holmsen! — Det er sant, Fru Holmsen, kva er det ho segjer
til Bokbindar Lundstrøm, De? —
Det slutta med, at Solum bad um Lov til aa koma
burt ein Dag og «sjaa paa Krulltoppen». Ja, sagde Fru
Holmsen, naar eg berre hadde det slik at eg kunde taka
imot Kristianiafolk! — Aa Snakk um ein Ting, Frue!
— Men den Natti laag Fru Holmsen og vakte og
tenkte paa Borni.
Ho var uppskræmd i sitt Mor-Samvit, so ho fekk
ikkje Fred. Det trengde seg innpaa henne sterkare enn
nokon Gong fyrr, at ho burde berge Borni, men at ho
ikkje kunde. Aa, den som var Mannfolk og kunde
59
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>