- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
61

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ein Tanke tok henne: ein maatte kunna b 1 i kjend
med han. Hadde han kje tala frampaa um aa koma hit?
— og dessutan, finne han att vart det alltid Raad
med. Tenk um ein daa kunde gjera seg Godvénir med
han...

Ikkje nokon Kjærleik! — det turvtest ikkje. Berre so
han fekk ein litin Umtanke for henne, ein litin Medhug,
lite Bry for det som kom henne ved; — Pengane sat no
ikkje so reint lause heller hjaa Rikfolki. Kvi skulde ho
ikkje kunna vinne han? Han som andre? — Og naar
det var for Borni ho gjorde det...

Han visste kor det var laga hjaa Jomfru Aaberg. At
det maatte vera tungt for ei Mor aa ha Borni sine i eit
slikt Hus vilde han forstaa; fekk han so Godhug for
Mori —; kva var nokre Hundradalarsetlar for ein
Skoghandlar i denne Tid?

Tenk; kannhende ho her kunde finne ein Utveg.

Det maatte vera Raad aa bli kjend med ’n. Enno var
ho ikkje for gamal; og so fekk ein fli seg, heller for
mykje enn for lite kanskje; og um han no ikkje var
nokon Ungdom lenger, so var han vel som dei andre paa
Lag, naar det kom til Stykke. Berre ikkje noko
Hug-snikjing; Kjærleik og slikt-noko hadde ho havt nok av
i si Tid.

Han hadde visst tott ho var ven. Det var ho i Røyndi
og, naar ho var i Lag; kannhende ho alt so smaatt leika
han i Hugen. Dette at han vilde «sjaa Fanny» —; hm,
kven veit; Mannfolk var sjeldan so glade i Born ... um
det likso gjerne kunde vera henne han hadde Hug til
aa sjaa att? Det vilde høve framifraa.

Tankane hennar trøytna og sveiv smaatt um Senn
burt i Draum.

Herregud; skulde det no gaa so gali, at han vart eit
Grand hugtekin —; han var daa i det Høve at han

61

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0063.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free