Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
venta aa bli fri! Og kvifor ... kvifor ... kunde det ikkje
likso godt bli benne som ei onnor?
Det hende mangt i Verdi, og mykje som var galnare
enn det. Tenk um han vart hugtekin; og um han daa
ein Dag sagde som so: eg kann ikkje liva forutan Dykk;
vil De vera mi, naar eg ein Gong ... fær det soleis ? —
Det vilde ikkje vera fyrste Gongen at slikt hadde
hendt. Det var meir enn ein Ægtemann, som var
trulova paa den Maaten. Og ikkje berre trulova ...
Folk tok ikkje slikt so aalvorsamt som ein trudde.
Det gjekk for seg mange Ting som var verre enn det.
Ikkje aa tala um Mannfolki; dei gjorde no reint som
dei vilde. Men Damune og —; me skulde ikkje tru paa
alle dei fine Fruine, som gjekk so stilt ikring; det var
neimenn ikkje Gull alt som glima.
Det var ingin som gjorde noko ved det heller; berre
det ikkje vart for mykje Uppstyr. Det fær bli Dykkar
eigi Sak, som Presten Brandt skreiv ...
Aa fy! Ja det var nok fagre Ting, Vaarherre mang
ein Gong maatte sjaa paa. Gudskjelov; slikt skulde
no ikkje spyrjast um Fredheimsdronningi like vel.
Tenk um det skulde bli ei Berging! — det var ikkje
til aa tru paa. Tenk um ho skulde koma so langt ein
Gong, at ho kunde kjenne seg trygg! Trygg for Borni;
trygg for seg sjølv; bli fri dette ævelege Kave, denne
endelause Otte og Sut! Aah! Det vilde vera som aa
livne upp att, som aa koma ut or eit Fangehol; upp
or Gravi. Men ein kunde vita det vart kje noko av; aa
langtifraa...
— Kor som var kunde det bli Moro aa sjaa, kva Fanny
vilde tykkje um Solum.
62
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>