Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
VIII.
Fanny hadde tvo Vénir, Ebba Lehmann og Gina Wiig;
dei tok til aa gaa paa Gjenteskulen aat Fru Kahrs den
Hausten. So vilde Fanny ög dit, endaa ho ikkje var
gamall nok.
Ja, ja, freista du, sagde sistpaa ho Mor; kann du faa
Lov av Fru Kahrs, so skal visst ikkje eg meinke deg
i det!
Ein Morgon fylgde daa Fanny Vénine sine paa
Skulen; og dei sagde kven ho var. Framfyri Fru Kahrs
vart Fanny fjamsut og gløymde det ho skulde segja;
ho berre nigja og nigja, Gong etter Gong; Fingrane
stakk ho uppi Munnen.
Ho vil gaa paa Skulen, ho vil gaa paa Skulen,
for-klaara den vesle svarthærde Ebba snøgt; Gina nikka.
Fanny nigja djupt; Fru Kahrs tok henne og sette henne
paa Fange sitt og strauk henne med Handi gjenom dei
ljose Haarkrullane. Ho Mor hev sagt at eg skulde faa
bli her, sagde Fanny.
Jaso, Krulltoppen, smilte Fru Kahrs; skal du alt paa
Skulen? Berre du ikkje blir lei av det for snart? Hm?
— Nei. — Kann du vera snild Gjente daa, trur du? —
Ja. — Vera roleg og ikkje fara med Ustykkje, hm? —
Ja. — Kann du lesa daa? — Ja eg kann stava. Eg hev
Bok og! — ho synte fram Staveboki si, som var noko
brukt. Der er Rom hjaa oss! hjelpte Ebba til; Gina
nikka: der er Rom paa vaar Benk. — Naa, so fær du
vel bli her daa, Krulltoppen, smilte Fru Kahrs; og vera
med so lengi du kann hengje paa; hm? —
— Fanny kunde no segja at ho gjekk hjaa Fru Kahrs;
og ho sagde det so tidt som ho kunde faa Tilføre til det.
Ho kjende seg vaksi og sette Nos i Sky. Fru Holmsen
totte og det stod godt til.
63
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>