Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— So sat Fanny ved Pulten sin mest kvar Dag,
aal-vorsam og vaksi, stava, skreiv Strik eller høyrde
Forteljingar.
Dei fortalde mangt, Læremødrane her; ymist av det
var morosamt. Men mest morosamt var det, naar
Smaa-gjentune skulde fortelja upp att. Dei fleste
Smaa-gjentune var so ille styvne, maatru. Dei hugsa mest
ingin Ting. Daa lo Fanny. Og ho rette Handi i Vere
so høgt som ho kunde naa: «eg kann det, Frøken! maa
eg segja det, Frøken!» Ho fekk segja det. Og so vart
dei andre ynkeleg skamfulle. Men Fanny sette Nos i
Sky. Sjaa det! sagde Frøkni; ho som er so lita, ho
kann det; men du som er so stor og lang, du stend der
so dumb som ein Fisk!
Det hadde vori Meiningi at Fanny berre skulde høyre
paa; men snart var ho med i alt liksom dei andre.
Fortelja var ho best til. Ho hermde det ho hadde høyrt, so
plent og med slik ein Ihuge, at det vart heiltupp løglegt.
Best gjekk det for Fru Kahrs; dei Sogune ho fortalde
var alltid so lette aa hugse. Du er glup lel, du,
Krull-toppen, hm? sagde Fru Kahrs med den vene Smilen sin
og strauk henne gjenom Haare; sidan vilde nok Fanny
vera Jamlikar med kven-som-helst.
Ho lærde snart aa graate og hava Hovudverk, naar
ho totte langt; for so fekk ho gaa heim. Lovnaden um
at ho skulde vera snild Gjente, den heldt ho ikkje stødt;
ho laut leda paa seg ender og daa, og det kunde ikkje
gaa av utan Staak; eller det var eitkvart ho plent maatte
fortelja Ebba; og so svara Ebba, og so maatte Fanny
svara att; eller ho kunde koma til aa blinke ned til
Johanne Evensen, og straks tok denne til aa knise og
læ; stundom kunde det og vera fælt løglegt aa stikke
Gina i Armen med ei Knappenaal. Slikt hende jamvel i
Timane aat Fru Kahrs. Daa saag Fru Kahrs forbina
5 — Garborg II.
65
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>