Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
paa ho: er det du, Krulltoppen? spurde ho. Det var
fælt harmelegt. Alltid skulde slikt koma upp.
Gina og Ebba var Storfolke i Klassa; Fanny au vart
rekna med, noko for Selskap Skuld, og noko av di
For-eldri hennar hadde vori rike. Storfolke skilde seg vel
ut ifraa den andre Hopen, og heldt ihop i likt og ulikt,
so nær som naar dei var Uvénir. I Skulen sat dei tett
ihop paa fremste Benken og kvisa og kviskra berre seg
imillom; i Fristundom leika dei ikkje med dei andre.
Men gjekk «Spaserturar». Gud veit kva det var dei
alltid hadde aa svalle um og gama seg med; ingin fekk
vita det. Men jamt naar ein raaka deim stakk dei sine
Hovud ihop og lo. Den andre Hopen lika deim ikkje,
og dei vart hædde og aatfunne. Eit Utnamn fekk dei
au; dei vart kalla for «dei fine».
Men dei fine vart Uvénir stundom. Den av deim som
var tykki eller kjende seg meinhaldi gjorde seg daa
kjend med ei av dei andre og søkte Skadebot i det. Og
den av dei andre som kom til slik Ære, vart sæl av det
og slog seg ifraa sin eigin Flokk. Men Flokken tok Hemn
med Snakk og Aatløgje. «Ho tek til aa gaa med dei
fine no;» «kva hev ho aa briske seg med, tru?»
Allvisst var det Ebba som var saar paa det og
nærtakande. Det saag henne ut til, at Gina og Fanny hadde
eitkvart seg-imillom, som ho ikkje fekk vera med paa;
og det totte ikkje Ebba var ærlegt. «Hugsar du det,
Fanny?» ... «Det var den Gongen du veit, Gina!» —
Kva er det de talar um? hogg Ebba i. — Aa —, drog
Gina paa det; ho var so stø av seg ho. — Seg det du,
Fanny! — Nei; ikkje seg det, Fanny. — Nei; eg skal
ikkje segja det. — Ish, so leide som de er. Ja, naar so
skal vera, so kann det gjerne vera det same med alt
ihop daa! frøste Ebba. Og harm gjekk ho sta og slog
lag med Tea Jensen, Høkerdotteri.
66
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>