Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Eller det kunde vera Fanny som kom etter, at Gina
og Ebba var i Lag stundom, so ho ikkje fekk vita det.
Daa grét Krulltoppen. Og ho gjorde Samlag for
Live-tidi med Josefine, Dotter til Skræddar Evensen. Aldri i
Verdi vilde ho hava noko aa gjera med slike
Vigtig-Tryne som Gina og Ebba meir. Usemjune kunde halde
paa upp til fire Dagar um Gongen.
Verst var det naar Gina vart vond; ho var noko
lang-sinna. Ein Dag daa dei gjekk heim fraa Skulen, kom
dei i Strid um, kven som var finast av deim. Ebba
meinte paa, at Far hennar, Sakføraren, maatte vera
finare enn baade Grosserar Holmsen og Proprietær
Wiig; Fanny heldt paa, at Far hennar var den finaste,
daa han ikkje einast hadde vori Grosserar, men hadde
Eksamen og, so at han kunde ha vori Sakførar um han
hadde vilja; Gina paa sin Kant heldt det for nok aa
minne um, at Far hennar hadde vori paa Storthinge.
Dei drogst um dette til dei vart harme; Ebba frasa
upp og bruka Ord som «Bonde» og «Lastehandlar»;
Fanny tok til Graaten og lova paa at ho aldri vilde
snakke med Ebba meir; Gina vart tagall og gjekk.
Den Gongen var dei Uvénir minst dubbelt so lengi som
vanleg. —
— I Jola kom Onkel Solum paa Gjesteferd. Fanny
fekk ei graa Vinterluve av han og ei drusteleg Dokke.
Denne Dokka fekk Namne Amanda. Rosalie, som
Bokbindar Lundstrøm hadde gjevi henne Aare fyrr, var
nettupp god nok til aa vera Kammerpike hjaa Frøken
Amanda.
Det vart ei morosam Jol. Alt Slag god Mat var det
Nøgdi av; og ho Mor var i slikt eit Godlag, at Fanny
fekk vera ute og snøballast med Gutane so mykje ho
berre brydde seg um. Framifraa f jaag var ho Mor den
Kvelden daa Onkel Solum var hjaa deim; og det var
67
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>