Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ikkje Under; for Onkel Solum var svært snild. Fanny
sat paa Fange hans mest heile Kvelden og prata. Han
fortalde um alt det gilde han hadde i Kristiania;
mil-lom anna hadde han ein Flokk Smaagjentur; og so
hadde han ein Gut som heitte Jens. Det var ein
frami-fraa Gut; og so var han nett jamgamall med Fanny.
Den Guten skulde ho faa, naar ho vart stor. Ja, du vil
vel ha han? — Ja daa; er han fin, so vil eg ha’n. —
Men du hev ein Kjærast fyrr, veit eg? — Ja han er og
fin; og tenk, so fær eg tvo Kjærastar, Mor! —
Ha-ha-ha; aa du Krulltoppen!
Det var ein Dag seinare; Fanny hadde vori ute med
Gutane paa Snøballing. Ho kom skrikande heim, reint
kvit av Snø, og hadde fengi ein Snøball i Andlite so
hardt at ho blødde Naseblod. Daa var Onkel Solum og
heime. Ho vart framifraa vel fagna av Mor, og like
eins av Onkel Solum; ho fekk Kaffi og Kake, vart
vaska og fekk skift Klæde og var snart i Stell att. Daa
Onkel Solum hadde gjengi, sagde ho Mor: no tenkjer
eg me fær Tom og Lea heim att snart; blir ikkje det
gildt, Krulltoppen? — Jau, sa Fanny. Strakst etterpaa
lagde ho til: Onkel Solum er snild, Mor. — Tykkjer du
det? — Ja. — Aa ja, sa ho Mor og smilte fornøgd; det
er ein av dei gamle Vénine til Far, skynar du; og no
vil han hjelpe oss med dette og daa. Ja det er sant som
du segjer; han er snild.
Men eit Bil etter vart ho Mor i Ulag att. Ho grét,
hadde Hovudverk og var leid seg. Du fær ikkje
Syst-keni dine heim likevel, du, sagde ho til Fanny. —
Kvifor det, Mor, — Aa, du kann vita det er han —, han —,
naa, denne Far din, veit eg! — Og so grét ho att; aa,
aa; Herre Gud, at alt skal vera so raadlaust!
Men det besna av etterkvart att; og Fanny lika i det
heile Mor si godt no. Det var aldri Tale um Vassgraut
68
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>