Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
til Middag, eller Jordepie og Salt; Smør og Brød var
der attaat, um ikkje anna; Sirup og Brød var og god
Mat. Stundom livde dei reint paa Stormannsvis, med
Steik og Syltety og 01; skulde me svelte baade naar
me hev og naar me inkje hev, meinte ho Mor, so vart
det for mykje Svelting.
Gildt var det og, at Bokbindar Lundstrøm ikkje
gjekk her so ofte no lenger. Mor var strengare mot han
enn fyrr. Og naar han kom, var han mjuk for det
meste, endaa han kunde vera brysam, naar han var
full. Han drøymde enno um aa faa ho Mor til Kone;
lokka med Snakk um aa flyt ja til Kristiania; der skulde
dei stelle seg til Rettes i en hyggli vrå og ha det godt,
«äta franska brödet med smör och ost» og drikke
Bayerøl. Men ho Mor brydde seg sjølvsagt ikkje um
han. Sume Tider letst ho tru at han hadde Kone og
Born i Sverig; kva vil De med fleire, Lundstrøm? De
er daa kje Mormon ? Lundstrøm lagde Handi paa Hjarta
og svor ved sin «heder». So gav han seg til aa banne,
og baud seg paa Resten til aa fara til Sverig og koma
att med «rena papir». «Vil ni ha mig då, Fru Holmsen?»
— Men ho Mor vilde ikkje hava ’n koss det snudde.
Ho stelte meir med Fanny enn fyrr, hjelpte henne
med Katekismusleksune, fortalde henne um Jesus,
svara paa Spursmaali hennar um alskyns Ting, og
freista paa all Vis aa vera henne til Lags. Fanny vart
reint kjær for Mor si stundom; naar Gamle-Kari kom
staakande inn um Kvelden, kunde ho finne Mor og
Dotter sitjande saman og kose seg med kvarandre og hava
det reint gildt. Naar eg blir stor, Mor, sagde Fanny,
so skal eg kaupe ein Ruggestol til deg, slik ein som den
Bestemor Lehmann hev; og so skal du faa sitja og
rugge deg all Dagen, og drikke Kaffi og eta
Kveitebrød. Takk skal du hava, Krulltoppen! sagde ho Mor
69
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>