Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
høyrde paa det, og laut beda for seg. Det er
aalvor-samt dette, Frøken, sagde Fru Kahrs; forstend De? —
Fanny vart so glad i Fru Kahrs, at ho kunde ha kysst
henne. Men um Frøken Malthe laga ho same Dagen eit
Sneidestev: «Frøken Malthe, den Dott — husker ikke
godt», og sidan var ho so uskikkeleg som ho med det
gode kunde i Timane hennar.
Hadde det ikkje vori Fru Kahrs, so hadde Skulen
ikkje vori ut herdande. Men Fru Kahrs var snild, og
det hjelpte. Ho hadde lettare Fag ög, ho. I
Smaaklas-som hadde ho Bibelsogu; den fortalde ho; og naar dei
ikkje hugsa, vart ho kje vond, men fortalde upp att.
Det var so gildt aa vera flink for Fru Kahrs; eit godt
Ord av henne var meir enn eit heilt Eit-Tal i
Karakter-boki. Mot Fanny var ho framifraa snild. Ofte naar
det kunde vera smaatt med Skulenista tok ho henne
med seg upp-i Stogo si og gav henne Mat; daa var ho
svært hyggjeleg; tala godt med henne, sagde at ho var
flink, og at ho maatte vera snild mot Mor si, «som ikkje
hev nokon annan enn deg, Krulltoppen». Fru Kahrs var
mykje snildare enn ho Mor, totte Fanny; i Vissa var
ikkje ho Mor so snild som Fru Kahrs til alle Tidir.
I tridje Klasse fekk dei til Reknelærar ein Adjunkt
Bryn fraa Borgarskulen; han var au morosam, men paa
ein annan Maate: ein maatte jamt læ aat han. Det var
ein litin sped, uroleg Fyr med eldende raudt, stutt Haar
som stod og sprikte rundt Hausen hans som Bustir;
eit lite forsinna Andlit hadde han, og Augo dansa rundt
i alle Krokar: huff, Smaagjenter, je er saa nervøs!
hutra han. Paa Ferd var han i Einingi, ned av
Lærar-stolen, upp aa Lærarstolen, burt-etter til Døri og hit
att til Europakarte, fram og attende all Stad, blaasande
Dumbe av Pultarne, av Omnen, av Veggjom — pøh!
pøh! —; gneid Hendane sine, byste seg paa Ermane,
76
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>