Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
klaadde seg attum Øyro; «saa; saa; nu skal vi være
stille. Smaagjenter, nu skal vi være s.. stille»; han var
stam og, Adjunkten. Det var fælt løglegt aa erte han.
Han vart sint for inkjenoko; og naar han vart sint
stama han, so han knapt kunde faa fram Orde. Han
berre rulla med Augo og frøste: «S ... S ... Slasken!»
sagde han. Det var so løglegt at han kalla Gjentur for
«Slask». Men han vart blid att strakst, naar han saag
at han ingin Veg kom med aa harske seg. Ebba og
Fanny var Grum-gjentune hans; men Fanny var han
vond paa stundom, av di ho ikkje var s... skikkeleg.
Med Timane sine tok han det ikkje strengt. Süme Tidir
rødde han um Matlaging i Staden for um
Multiplikasjon, eller brüka ein Hovudreknetime til Preiking um
Dame-Motar. Desse var noko fælt Narreverk, totte
han; minst av alt kunde han like aa sjaa ei Dame med
Solskjerm. Kann De tenkje dykk noko so t... t...
tilgjort som ei Dame med P ... Parasol ? morska han seg.
Kvar Gong det kom ein ny Mote, vart han vill; og so
fekk dei ein Fritime. Han kunde gløyme seg stygt.
D... dei sluttar Gudhjelpemeg ikkje fyrr dei gjeng
nakne, meinte han ein Dag, med ei stor St—rudsfjør i
Enden — aa, hm! om Forladelse; hm, hm! — Naah;
seks Ganger seks altsaa? Fanny?
Smaagjentune lo aat han og var glade i han. Men
dei hadde han berre nokre reint faae Timar i Vika. Og
like eins var det med Fru Kahrs; ho las mest i dei øvre
Klassom. Til vanlegt maatte Gjentune i den Klassa der
Fanny gjekk lite seg med desse Frøknine som høyrde
Leksur og var grétne; og daa vart Timane so lange at
dei var lite herdande.
Ikkje berre keidsame var dei, desse Frøknine; dei var
styvne au. Det var vel ingin Kunst aa vera klok, naar
ein hadde Boki framfyri seg heile Timen; ein skulde
77
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>