- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
89

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

enn daa me gjekk og tagg Jordeple og Sild av ’n
Halte-mikkel! —

Det bar inn paa dei gamle Sogune med deim, og dei
kom i Godtag for den Kvelden. Men næste Dag var
ho Mor like huglaus att.

Onkel Solum kom paa Haust-Vitjing som vanleg; han
var ikkje i Godlag, han heller. Han tala um
Nedgangs-tidir og store Pengetap; held det paa slik, so ryk
annankvar Mann i Koll, sagde han; i det heile kom han
med mangt som Fanny ikkje skyna. Og so vart ho
alltid send so mange Ærend i Byen, naar han var her.
Mange Gaavur hadde han ikkje heller med denne
Gongen. Ho totte det var klent av han at han ikkje kunde
finne paa aa gjeva henne ein Kjole; men det einaste
ho fekk var Pengar til eit Par nye Skor. Og sjaa til at
dei blir sterke, Margrete! sagde Onkel Solum.

Han var lengi i Kristiansborg denne Gongen; det var
«desse fille Skog-Greidune». Ho Mor hadde det eit
Grand ubeint i denne Tid; ho vilde paa ingin Maate at
Onkel Solum skulde raake ihop med Bokbindaren.
Onkel Solum likar ikkje slikt Folk, sagde ho. Det var mest
Moro so mange Knip som ho fann paa til aa halde
Lundstrøm fraa Huse; og Gamle-Kari hjelpte til. Fanny
vart fyrisagd, ho au; det var reint som eit lite
Narre-spél. Og Lundstrøm lét seg narre, endaa han vart noko
undrin tilslutt: «Hvad tusan är den Broder Nils for en
person?» sagde han paa sin meir og meir ustøe
Svensknorsk. —

— Paa Høylofte var det slutt med alt
Drengjestogu-drøs; dei hadde Teater der no ut-etter.

Fanny og Ebba hugsa det meste av «Reisen til Kina»;
det andre sette dei til sjølve. Gina hugsa iser Tonane;
ho song vent au; men dei lystige Visune fekk Fanny
best Sving paa. Dei var kje Folk nok til Stykke; men

89

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0091.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free