Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
so lét dei Dokkune vera med. Bryllaupe som
Skode-spélarane hadde snytt deim fyri sette dei til paa fri
Hand. Fanny var Prest og vigde Brudfolke, og dei
køyrde paa Storkarsvis til og fraa Kyrkja i ei gamall
utbrukt Kalesje.
Dei var ikkje lenge i Tvil um sitt Kall; dei skulde
alle tri gaa til Teatre. Kunde det ut-tenkjast noko meir
faamut og keidt enn aa gaa her heime og bli gift med
ein Kaupmann eller Kantorkar? Det var underleg at
nokon kunde lata seg lite med noko so smaatt. So snart
dei var framslopne, vilde dei til Hovudstaden og i Lære.
Derifraa gjekk Ferdi til Kaupenhamn, der det beste
Teatre var; sistpaa vilde dei til Italia. Alle
Kunstnarar maatte ha vori der eit Bil, fortalde Ebba; det
hadde Mor hennar sagt. Og so vilde dei heim att og
freiste seg. Daa vilde dei alle tri vera klædde i
ljos-raude Silkekjolar med lange Slæp; og dei vilde hava
Fyrstespéle sitt alle paa ein Gong, og i same Stykke.
Men det maatte helst vera eit Stykke, der det var tri
Sjøoffiserar, so dei kunde faa kvar sin.
Dei snakka seg upp, so dei snart ikkje tottest kunna
drygje til dei var framslopne. Dei lagde upp Raadir um
aa røme; tenk um dei kunde koma burt fraa denne
keidsame Smaabyen snart. Det var greidt at Ferdi vilde
bli mødesam; men so vilde ho bli forvitneleg og, maatte
ein tru. Tenk, tri vene Smaagjentur syngjande utanfor
Dørom til Folk; so kom dei til eit Slott; der budde ein
General, kannhende ein Prins; han kom ut og fekk s jaa
deim; «naa. kvar skal dei Smaagjentune av?» — «Me
skal til Italia og bli Kunstnarar.» — «Nei, jaso; skal
de det?» Den høge Herren vart svært forvitin. Og Gud
veit kva det sidan kunde bli av dette; for det høvde seg
so, at han nettupp hadde tri Sønir; og dei Sønine raaka
til alle tri aa vera Sjøoffiserar ...
90
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>