Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Evensen hadde set dette, og hadde funni det lite
upp-byggjelegt; hadde so strika inn Æventyre med Blyant
og skrivi i Kanten «Ingen Barnelæsning». Dette fekk
Fanny sjaa ein Dag, og med Laatt og Staak gjorde ho
det kjent for heile Klassa. Den vesle godslege Josefine
sat so flat og skjemd so ho gjekk mest til: «ikke gjør
det, Fanny, ikke gjør det, Fanny; uff! det er stygt av
dej, Fanny»; men der var slikt Staak at ho vart ikkje
høyrd. «Ingen Barnelæsning, ingen Barnelæsning;
ha-ha-ha, hi-hi-hi!» Det vart til eit Ordtak i Klassa sidan,
dette. Og Namne Fanden, som hadde vori Upphav til
Sogo, tok dei «fine» til Eid, um dei elles ikkje nemnde
meir enn fyrste Bokstaven.
Skræddar Evensen var ein av dei mest orvakne i
Kyrkjelyden; daa han hadde funni Fanden i Leseboki
til Dotter si, sagde han fraa um dette til Presten
Puk-stad. Dessverre maatte Presten upplyse, at den
Leseboki dei briika hjaa Fru Kahrs var den same som den
dei hadde paa Borgarskulen. Det var soleis ikkje noko
aa gjera med Fru Kahrs i den Saki.
Men ute i Byen vart det snart ymist sagt um Fru
Kahrs og denne Leseboki. Tenk; Fru Kahrs hadde
innført ei Bok paa Gjenteskulen, der det var Bannskap.
Skikkelegt Folk kunde ikkje segja kva der stod; men
det var ein drjug Eid; og fleire av Smaagjentune hadde
alt lært seg til aa bruka den Eiden. Kunde aalvorsamt
Folk hava Døtrane sine paa ein slik Skule?
Eit Ord fraa fyrr um, at Fru Kahrs i dei øvste
Klas-som lærde Umvending etter Dauden, vart kveikt upp att.
Det var nokre au som tvila paa, um Fru Kahrs heldt
Bibelen for Guds Ord; visst var det, at ho lagde altfor
stort Lag paa dei tri Trudoms-Artiklane.
Fru Kahrs merka det murra og mulla; men ho visste
kva det var og brydde seg ikkje um det; Skulen hennar
93
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>