- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
100

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

umaateleg ven. Nei, slikt eit bleikt, fint Andlit. Og so
vent som han gjekk klædd! Eit lite naudfint blaatt Slips
hadde han, som var reint hugtakande. Han var visst ög
svært snild; reint ulik Indianane. Fanny vart slurvesam
med Brevskrivingi si no. Ho var hugteki og laag paa
Utkik etter William all Dagen.

Ho hadde mykje Fritid. Mor fekk ei Braarid av den
gamle Sjukdomen sin og laut leggje seg inn paa eit
Sjukehus; so vart Fanny for seg sjølv i godt og vel tri
Vikur. Ei gamal dauvøyrd Kone paa hi Sida Portrome
skaffa henne Mat; ho hadde ikkje anna aa gjera enn
aa passe paa Maaltidine.

I den Tidi vart ho kjend med eit Par Smaagjentur fraa
tridje Høgdi, som og gjerne heldt seg ute naar William
kom; dei heitte Ingeborg og Anna. Det var tvo snilde
Smaagjentur; og so kjende dei William. Fanny vart og
snart kjend med han. William og Smaagjentune var
Leiksystken; og Fanny slutta reint med Brevskrivingi
til Kristiansborg. —

— Lea vart konfirmera den Hausten; etter
Konfirmasjonen var ho inne i Byen hjaa ho Mor. Det var
fælt rart; tenk, Lea var vaksi og mest gifteferdug. Ho
var paa Høgdi som ho Mor og tok til aa faa Lag; og so
ven som ho var vilde det vel snart koma Friarar. So
ven Gjente hadde Fanny aldri set. Ho liktest paa den
italiske Hjuringgjenta som hekk heime paa Veggen hjaa
Sakførar Lehmann, — plent slik ein bleik, døkk Lit, og
plent slike naudfine brune Augo. Fanny hadde i seinare
Tid teki til aa finne seg sjølv ven; men ho var inkje
imot Lea. Aa, den som ein Gong kunde faa slikt eit
Haar! Desse fæle ljose Krullane som reiste seg fraa
Skallen som ein høg Topp, og som det ikkje beit Kamb
paa, — aldri kom ho til aa sjaa skipleg ut med deim.
Det var kje for inkje at Gamle-Kari hadde kalla ho

100

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0102.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free