Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Lurvehetta. Gudskjelov; i Nakken tok det til aa jamne
seg. Fletta var alt dugeleg lang; kannhende kom det i
Lag alt, naar ho vart so gamal som Lea. Kanskje fekk
ho same Skapnaden som Lea og. Det var godt aa hava
slik ei ven Syster; so var det Von at ein sjølv dg vart
fager. Elles var Lea keidsam. Det var ikkje det Slag
Moro med henne; ho var so vaksi og stillfarande og
vitug at ho snaudt nok kunde faa Munnen upp til ein
Smil. Du daa! sagde ho berre, naar Fanny tala til
henne; ho skulde nok vera for god til aa røde med slik
ei Skulegjente no.
Undrast paa um Lea hadde havt noko slikt...
Høy-trev? — Aa, langtifraa. Ho hadde visst aldri vori anna
enn pen. Ho sat heile Tidi og rødde vitug med Mor
um aalvorsame Ting; ho skulde faa Plass hjaa ein
Huslyd i Drammen, sagde ho; og for det skulde daa ho Mor
forklaare henne alle Slag. Og so fortalde ho um han
Far. Han hadde det ikkje godt, sagde ho, og var ikkje
alltid vitug; men ho vilde heile Tidi liksom orsaka han.
Han var no i Grunnen snild. Til Konfirmasjonen hadde
han gjevi henne ein naudfin Gullkross; og ein slik ein
skulde Fanny au faa, hadde han sagt. Tom hadde fengi
mange vene Ting av Far, han med, og var svært glad i
han; men Tom hadde sett seg i Hovude at han vilde til
Sjøs; og det lika han Far ikkje. Ein einaste Gong
hørde Fanny Syster si segja eit sterkt Ord: det var um
Skognymfa. Gudskjelov, sa ho Mor, at du er komi burt
ifraa det Huse! — Ja, svara Lea, eg er glad for det.
Jomfru Aaberg er eit ufjelgt Menneskje!
— Aa ja, me ser paa dei unge kor gamle me vert,
sukka ho Mor, daa Lea var avfari. Ho rødde i det heile
mykje um Alderen sin. Du er daa kje gamal, du Mor?
meinte Fanny. — Er eg kje det, tykkjer du? — Nei. Ja
det kann vera um Morgonen, fyrr du hev klædt deg;
101
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>