Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
vanta baade Bukse og Understakk; dei tunne blaamagre
Ungane hadde inkje yvi Nakenskapen sin anna enn dette
vesalle, lapputte Kjoleplagge som snaudt nok hekk ihop.
Ein kunde liksom sjaa tvert igjenom deim. Uff, at dei
var god-for aa gaa soleis. Hoste og Krim hadde dei jamt,
so det reint var ufysi; og ymis Vesaldom drogst dei
med, hadde Utslætt, Saar paa Lippune, vondt i Øyro,
Kjertlar. Gjentune i Betalingsskulen heldt seg fraa deim
so mykje som dei kunde; men i Fristundine var ein
nøydd til aa vera saman med deim; der var ikkje meir
enn ein Leikvoll.
Betalingsskulen var ikkje berre finare; ein lærde meir
au der. Dei hadde Timar i Historie, Geografi,
Stilskriving, Teikning. Underleg nok vart dei upplærde i
Handarbeid og; det lika ikkje Gjentune paa Betalingsskulen.
Kvi skulde dei lære aa lappe og stoppe, dei? Skulde dei
gjelde for simple likevel? Var det nokon som innbilte
seg, at dei vilde bli Tenestegjentur ? — Seks Timar um
Vika hadde dei Handarbeid, og alltid tvo Timar um
Gongen. Tvo stive, lange Timar maatte dei sitja og hange
yvi det Herke. Dei forgjekst av Hugløyse. Fanny maatte
mest halde med den vesle kvike Emilie Lund: fyrr eg
vilde vera nøydd til aa sitja med slikt, fyrr vilde eg vera
Skjenkjetus paa ein Matros-Sjapp! sagde ho.
Men her nytta det ikkje aa bjode imot. Var ein
uskik-keleg, vart det meldt til Overlæraren. Det var fælt
strengt her. Ikkje i Fristundine dessmeir raadde ein seg
sjølv. Ein maatte vera paa Leikvollen anten ein vilde
eller ikkje; og der gjekk det tvo Læremødrar og gjætte
deim. Under Uppsyn var dei alltid og allstad. Dei hev
Augo med oss, um me so er der eg ikkje vil nemne!
sagde Emilie.
Leikvollen var bytt i tvo med ein høg Plankegard;
Gjentune var paa den eine Sida, Gutane paa den andre.
103
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>