Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Det var fælt til Staak Gutane heldt, og det maatte vera
urimeleg morosamt 33/ SJ3-3, kva dei hadde for seg. Det
var Rivur i Plankeverke au, som ein kunde sjaa
igje-nom; men det var forbodi aa staa der og glo; og so laut
ein lite seg med aa kike inn ender og daa, naar Uppsyne
snudde Ryggen til ein. Det var likt til at Gutane paa si
Side gjerne vilde vita kva Gjentune tok seg til; det stakk
seg Hovud upp yvi Plankegarden kvar Stundi og dukka
ned att; det var greidt at Gutane hadde Gjætarar yvi seg,
dei med. Stundom fekk Fanny sjaa William. Daa vart
ho f jaag av Von; tenk um det var henne han saag etter!
Fanny var betre Manns Barn og hadde vori paa fin
Skule; ho var vyrd her, og iser var Emilie Lund
upp-glødd for henne. Dei tok til aa halde ihop, dei tvo.
Emilie saag meir barnsleg ut enn ho var; i Røyndi
forstod ho seg godt paa Fantestykke. Det gjekk ut yvi
Kammeratar som dei ikkje lika, og so yvi «Frøknerne».
Fanny innførde Versekunsten sin fraa Kristiansborg;
snart mulla det med Slengjestcv i alle Troppir og
Gangar, so ofte ei Læremor synte seg: «Frøken Hansen —
er rent fra Sansen»; «Frøken Sand — vil ha sej ein
Mann». Det var ei halvgamal Frøken som hadde Ord
for aa drikke; henne var dei serskilt leide med. «Frøkna
vaar — tar sej en Taar — og er tretti Aar — paa hvert
Laar», lydde Verse. Ein Dag fann Emilie Lümmeflaska
hennar; daa Frøkni etter Frikortere kom inn i Klassa,
stod Flaska og sprikte midt uppaa Lærarstolen. Ei
Frøken Berg var der, som dei sagde gjerne vilde hava den
unge Læraren Opthun; ho fann alle Stadir Papirleppar
med sitt og Opthuns Namn paa. Fru Holter, eller som
ho her heitte, Frøken Holter, vart spara; Fanny hugsa
paa at ho var Mor til William.
Emilie hadde merkeleg god Greide paa Teatersakir.
Ho hadde nokre Kjenningar, som og visste mykje um
104
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>