- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
106

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— Jaso. — Trur du meg ikkje kanskje? — Kor kann
du vita, at han ikkje vil ha deg au til aa halde Moro med
daa? — Meg? Emilie lo med sin vesle kvitrande
Barne-laatt; trur du eg er slik, du daa? —

Stakkars Emilie; det var Karoline som skjemde henne
ut. Karoline var leid i Røyndi. Ho kunde fortelja
So-gur, som — uff! Og det baade um vaksne Folk og um
Born. Ja tenk, ho trudde der var Born og, som —. Naar
ho var vond paa Johan, fortalde ho at han var ein speleg
Kar, som var i Lag med Smaagjentur paa stygg Maate;
ja han var endaa so simpel at han hadde Kjærastar i
Friskulen. Og Gjentune i Friskulen kjende me nok;
Karoline visste um den og den, som alt hadde vori paa
Stasjon. Og so den uliklege Maaten ho fortalde paa!
Det som Fanny og Lage hennar i Kristiansborg snaudt
hadde tort kviskre um i den myrkaste Kroken av eit
myrkt Loft, det nemnde ho berre lett, reint som ingi
Ting, utan Skam; ein skulde tru ho sjølv kunde vera
med paa noko av kvart... aa fy, kor ho gjorde seg ufin.

Nei; daa var det meir Hugnad aa vera i Lag med
Ingeborg og Anna. So snart Skulen var slutt og Middagen
etin, hasta ho ut paa Bakken ovanfor Huse, der dei
hadde Møtestaden sin; og der raaka ho deim. So rødde
dei um William til han kom sjølv; og naar han kom, so
var det berre morosamt i Verdi.

Ho var hugteki som ei Rotte i ein Ost, og sveiv ikring
han som ei Flugu um Ljose. Han var so nauende ven
at ho kunde eta han. Ho umstraala han med glimande
Augo og tannkvite Smil; det søtaste i Verdi var aa koma
nære han, halde Handi hans, snaave, dette yvi han,
kjenne han innaat seg, Likam ved Likam. Ingeborg og
Anna sveimde ikring han paa same Vis. Og dei lo
Gjen-telaattar og skreik med smaae kipne Skrik, liksom dei
vart kitla.

106

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0108.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free