Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Dei hadde trutt seg til kvarandre og fortalt at dei
elska han; og sidan var dei Bestevénir. Fanny tala um
Kjærleiken sin med Ord fraa Bokhandlar Andreassens
Leigeboksamling; og Ingeborg og Anna sagde ja og
sukka. Aa, slik ein staut Gut. So nobel og elegant. So
byrg og so ædel. Ja, ædel. Gud veit kven det var han
var glad i. Men dei vart samde um, at den av deim som
var so sæl at ho fekk han, ho skulde taka dei andre tvo
i Huse til seg; og so skulde dei hava han ihop. For de
kann vita me vil aldri i Verdi ha noko slikt stygt for
oss som sume hev, sa Fanny og saag burt; — aa fy!
nei, kviskra den andre; daa Smaagjentune etterpaa
fann att Augo til kvarandre, saag dei med ein Gong at
dei alle visste um det.
Fanny hadde ein Tanke um, at det var ho sjølv som
var den utvalde; og ho sette seg fyri at ho vilde faa
han til aa segja det ein Gong. Uvissa kunde ho ikkje
halde ut, totte ho. Var det ikkje henne, — uff; ho vart
ulykkeleg for heile Live; ho fekk aldri ein glad Dag
meir; aa det var fælt; men ho vilde heller det. So
døydde ho av Kjærleikssut; og so vilde han trega det
han hadde gjort; og ho Mor vilde graate yvi ho, og alle
Vénine vilde sende Blomar. .. Ja, ho maatte faa vita
det. Uvissa var verre enn alt anna. —
— I Fyrstningi av Februar kom Kongen til Byen; han
skulde opne Storthinge, vart det sagt. Fanny stod med
Mor si paa Troppi til Hotell Stockholm ein heil Time og
venta paa han; ein kunde sjaa han so godt her, naar
han steig i Vogni. Hu, kor ho fraus. Mor au stod og
hakka Tennar. Det vart lengi aa vente. Lite um Senn
auka Folkemengdi og Konstabelflokken; so kom det
Hérmennar; aa Gud! so storfelt; og der! kva var det?
lyft meg upp, Mor; kva er det? kva er det? — «Det er
det gule Kor!» — Aah, aah! du store Verdi! Fanny
107
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>