Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
til Narr, sagde ho. Men nei; dei vilde ikkje det. Ho
kunde tru dei paa Orde. Det hadde seg rett alt ihop.
Og no skulde dei setja upp eit stort Tablaavivang for
Kongen med Englar og Greidur...
— Kva gjer de ved Teatre daa? braut Fanny av.
— Me er Statistar, svara Emilie.
— Kva er det for Slag?
— Me er med, ser du.. . me vert utklædde og er
med bland Folke, eller er Englar og slikt... og so fær
me 12 Skilling for kvar Kveld; men daa maa me halde
oss sjølve med Strykety.
Ja, sagde Karoline; reint Strykety maa det til.
— Ja, naar de skal vera Englar, so.
— Aa, anten me skal vera Englar eller noko anna. Du
kann vita dei fine, som gjeng paa Kristiania Teater,
dei toler ikkje aa sjaa anna enn reint Strykety.
— Men du hev daa Strykety, du Fanny?
— Til Slutt vaaga Fanny seg til aa tru. Ho vart
mest hugvill. Berre det ikkje var ein Draum; berre det
ikkje var ein Draum! Ho laug seg heim fraa Skulen i
siste Fristundi; elte Mor med Bønir og Graat til ho
fekk Lov; fann so Emilie att og fekk henne med til
Overkoristinna. Uff, berre ho ikkje kom for seint. Berre
ho ikkje kom for seint. Uff, berre ho kunde koma
tidsnok.
Ho kom tidsnok. Der var Plass. Aa Gudskjelov. Aa,
du store Verdi. Ho hoppa rundt i Stogo som trylt;
Takk, Frue, Takk, Frøken; aa, eg er so glad, aa, eg er
so glad! — Adjø Frøken; aa, eg er so glad! ... Ho heldt
fram med Dansen sin ute paa Gata.
Fraa Emilie skildest ho paa Hyrna av Kyrkjegata og
Karl-Johan. Det var komi Høgtidslag yvi henne. No skal
du hava Takk, Emilie, sagde ho og tok Vénen sin i Handi
med eit sterkt Tak; no er mitt Livs Lagnad avgjord!
109
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>