- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
117

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kom; kannhende Fru Kahrs med; Fru Lehmann og Fru
Storm og Fru Mühlenberg og alle ihop sytte og skreiv
Brev; nei men tenk, daa: Krulltoppen, som var so glad
og kvik! — Men ingin skulde faa vita noko; ho vilde
gaa i Gravi med Løyndomen sin; men attmed Hjarta
hennar skulde dei finne eit Brev . . . uh, hu, hu—!

Fanny laag ei heil Rid i Sengi og grét; so høyrde ho
Mor si ur-i Gangen. Ho for upp og vaska seg. Setelen
gøymde ho under Hovudgjerde. I Kveld kunde ho kje
bera Ulukka si; men i Morgo vilde ho vera sterk; og
daa skulde Lagnaden hennar bli avgjord. Ho saag seg i
Spegilen; kannhende tok ho til aa bleikne alt. Men nei;
ho var raud, altfor raud; aa, det kom av at ho hadde
graati. Venta til i Morgo . . .

Ho var svolti og aat godt til Kvelds; det harma henne.
Men i Morgo, naar Lagnaden hennar var avgjord, skulde
ho ikkje eta det Slag. Berre folne og bleikne. Plent
som Irene; aa, ho saag det for seg so tydeleg.

Ho Mor spurde um Teatre; og rett som det var tok
Fanny seg i, at ho sat og lo og fortalde og var livleg.
Ja, den Johannes Brun, du! du kann ikkje tru, kor
løgleg han er! — Ho Mor saag ikkje ut til aa hava det minste
Hugsviv um, at Dotter hennar var ulukkeleg. Men uff;
venta til i Morgo . . .

Ho gjekk tidleg og lagde seg; hadde vondt i
Hovude. Ja berre du no ikkje hev fengi Kjøld i deg der
burt paa dette Teatre, sagde ho Mor; ho skyna ingin
Ting. Fanny smatt ned-under Dyna; ho freista med aa
graate, men fekk det ikkje til; so somna ho, rett trygg
i Grunnen paa, at det var hennar Namn som stod paa
Setelen.

Ho vakna um Morgonen med godt Mod. Setelen var
det fyrste som kom henne i Hugen; ho fann han fram
og opna han. Der stod: Deg sjølv, men seg det ikkje.

Deg sjølv, deg sjølv! Aa, den gilde Guten! Ho flaug

117

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0119.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free