Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— Aa jau; det er ein ven Gut, men—,
— Kvi segjer du men, Fanny?
— Nei ikkje for noko. Eg er likso glad i William som
fyrr, eg; men det vert no ikkje nokon av oss som fær
han.
— Kva . . .
— Kva?
— Eg hev fengi Greide paa han no.
— Kven er det daa?
— Jau, eg skal segja dykk—; det er eit Systkenbarn
av han, ei fin ei, som gjeng paa Nissens Gjenteskule;
henne er det.
— Jaso.
Jaso. Ja ... i Grunnen var daa det ikkje noko
uri-melegt. Var det vel? — Nei. Og han kunde gjera som
han vilde for oss, veit du;—ja;—ja daa;—for det
kunde bli saa nokor lunde det same for oss det... ja daa;
ja. I Grunnen var han no kje so fælt ven heller; det
var mange Gutar som var likso vene som han. Og det,
at han var Nummer 1 i Klassa—; ja det var vel lett
nok for han som var son av Frøkni; det var visst dei
som var likso flinke som William Holter. Fanny hjelpte
deim med aa avheidre William. Og ho ynka og svivyrde
deim hjarteleg.
Men det drygde lengi fyrr han kom. Han skulde vel
aldri trega paa det? — Det var heller fullt i
Kjelkebak-ken, daa han endeleg viste seg. Fanny var ille
upp-raad. Ho torde ikkje sjaa paa han; og ho kjende paa
seg, at ikkje han heller saag paa henne. Ho var so
upp-spana at ho skalv. No kom han vel; tok henne i Handi;
saag varmt paa henne; sagde eitkvart. . . kva vilde
han segja, tru? — men han kom ikkje. Han stana
eit Stykke ifraa deim og sagde Godkveld. Godkveld!
kom det stutt fraa Ingeborg og Anna. Er de alt. . . paa
119
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>