- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
120

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Plassen? spurde han. Ja daa, vart det svara. Fanny
skygnde burt til han; han stod og saag upp-etter
Kjel-kebakken. Og der var det Moro. Dei staaka og skreik,
og Kjelkane gjekk; det var so haalt Føre at det mest
var spelegt; og dei gleid og rulla med Huing og Laatt.
Han stod og stirde. Der var ikkje noko eldande
Augnekast, ikkje nokon kjærleg Smil, inkje noko varmt Ord;
han var berre forøven. Uff, so flat som ho vart. Tenk
um han trega det; ja daa vart ho usæl for Aalvor!

— Det er godt Føre i Kveld; — det er folksamt i
Kjelkebakken i Kveld; berre slikt noko var det han
sagde. Sistpaa spurde han um Fanny vilde laane
Kjelken hans. Eg skal ikkje vera med i Kveld, sagde han.
Det var berre det, eg vilde segja — no tala han til Fanny;
det var det eg vilde segja, at eg vert ikkje med dykk
som fyrr; for no . . . no lyt eg lesa og vera annsam. —
Ja liv vel med deg daa! sagde Ingeborg; liv vel med deg
daa! ropa Anna. Fanny tagde; ho kunde kje forstaa han.
Han stod lite, liksom han venta paa Svar; daa det ikkje
kom noko, gjekk han. Med eit serskilt Tonelag helsa
han upp-etter att; Fanny kjende at det var til henne:
ja Godkveld daa! Godkveld, sagde Fanny, mest paa
Graaten. Det var som han vilde stana; men Ingeborg
og Anna skraala slikt eit «Godkveld» etter han, so han
berre tok i Veg att.

Han rusla ned-yvi med langdrjuge Stig; Kjelken drog
han etter seg. So stana han att: vil du kje ha Kjelken,
Fanny?—Til Svar fekk han nei Takk. Han drog seg
av Stad att, endaa seinare, endaa meir ustødt. Det var
rett, Fanny! sagde Ingeborg; me kann berge oss med
min Kjelke i Kveld og, veit eg; me treng ikkje aa tigge
honom! Berre lat han gaa, — Vigtigpæra! — Ingeborg
og Anna tok til aa baktala han att; Fanny var tagall.
Det vart ingi Moro i Kjelkebakken den Kvelden. Dei

120

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0122.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free