Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
aka eit Par Vendur; so gleid Anna og slog seg, og so
gjekk dei heim.
Sidan um Kvelden heldt Fanny seg so mykje ho
kunde i Portrome. Han maatte koma, totte ho; han
maatte skyna at ho var her. Og her, som det var so
myrkt, turvte han ikkje vera bljug. Uff, for ein Kloss
han var. Tenk, slikt Snakk som at han maatte vera
annsam! Skulde ein ha hørt slikt! Aa nei; han vilde
nok berre sleppe fraa henne att. Han vilde heller ha
Ingeborg med den vene Fletta. Tennane skrangla av
Kalde i Munnen paa henne; og Andlite vreid seg i Graat
som ho kjøvde. Tenk, ho som hadde trutt at alt skulde
vera godt no. Uff, so leidt som det vart um han sveik
henne.
Ho laut inn att ei Stund, so ho Mor ikkje skulde gaa
noko; daa ho kom ut att, lydande og hugill — jau, daa
var han der. Hm! kremta han laagt inn-i Myrkre; aa
Gudskjelov. Hm! svara Fanny. Er det du? kviskra
han. Ja. — Eg hev eit Brev til deg . . . kvar er du? —
Her... — Dei trivla seg saman og fann Hendane til
kvarandre. Han gav henne Breve, men heldt Handi fast.
Der vart dei standande eit Bli, reint stille. Fanny
glød-dest upp i ei inderleg, mjuk Kjensle og vart reint varm;
aa gjev dei kunde bli standande so alltid. — Uh; tenk
um han kysste henne! — Uff; der gjekk det i ei Dør.
Han kvakk og slepte Handi; Godnatt, kviskra han. Ned
gjenom Troppine høyrdest det kvasse Mæle til Fru
Holter: «William!» Han hadde smett seg ut i Tune og
letst no som han kom inn att derifraa;—ja, Mor? —
Kor blir det av deg daa? Teen vert kald!—No kjem
eg. — Fanny høyrde han skunda seg upp Troppi; so
var han burte.
Ho gøymde Breve i Lümma si og gjekk inn. Uff,
denne Fru Holter. Elles kunde han godt ha gjort det
121
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>