Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
fyrr ho kom. Daa Fanny var inne att, tok hennar Mor
au til aa grina. Kva tru det er du flyg etter i Kveld?
Ein skulde tru du hadde Eld i Enden; du kann kje sitja
still ein Minutt. Tykkjer du Kjolen din er for fin
kanskje; er det den du endeleg skal ha av deg att? Aa ja;
det er vel kje so nøgje; det er ho Mor som skal skaffe
att. . . Undrast paa, eg, naar du fær Stundir til aa lesa
paa Leksune dine?
Breve maatte ho vente med til Morgons. Ho hadde
fyrst tenkt at ho vilde halde seg vaken til ho Mor sovna,
og so kveikje Ljos og lesa Breve daa. Men ho sovna
fyre Mor si. Det mjuke, varme Handtake til William
kjende ho enno i Handi si; ho var sæl og glad og visste
av ingiting, fyrr ho vart vekt um Morgonen og skulde
i Skulen.
Paa Vegen dit, inne i ein Port, las ho Breve. Det var
framifraa hyggjelegt.
Han var det sælaste Menneskje paa Jordi, skreiv han.
Det einaste Ynskje han hadde var aa kunna koma
saman med henne, Hjartedronningi si, so snart som det
berre var Raad. Men difor vilde han kje lenger vera
ute og leike um Eftan; han vilde lesa og arbeide; Dag
og Natt vilde han arbeide, so han kunde bli dugeleg
flink og koma rett fort i Veg; elles vart det so fælskeleg
lengi aa vente. Det var honom ei stor Sorg at han ikkje
kunde vera i Lag med henne og vera Kavaler for henne
so mykje som han burde og vilde; men ho maatte tenkje
paa kvi han gjorde det so, og halde ved med Kjærleiken
sin. For han arbeidde berre for henne; og daa var det
hugsamt aa arbeide. Og so snart som han vart utlærd,
skulde dei trulova seg og gifte seg og vera saman all
Tidi; og han skulde bera ho paa sine Armar heile sitt
Liv.
Ja det var eit hyggjelegt Brev. Aa, det var overlag
122
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>