- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
123

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vent av han, at han tok det so aalvorsamt. Det var det
ho alitid hadde visst, at han var ein ærleg Gut. Det var
greidt at ho berre vilde halde meir av han no etter
dette. Tenk, so fagert: at han sat og arbeidde Dag og
Natt for hennar Skuld, for aa koma ihop med henne . . .
Det vart alltid noko lengi; ho hadde tenkt at dei var
trulova alt no, ho, og at dei strakst skulde taka til aa
vera Kjæraster. Det hadde nok vorti fælt so leidt i
Fyrstningi; uff! tenk, kysse ein Gut; men dersom det
hadde vori Tiltak i han—; uff; han var i Grunnen plent
som ei Gjente. Kvi kunde han ikkje ha kysst henne i
Gaarkveld i Portrome, so myrkt som det var . . . men
fy; det var mykje venare av han at han ikkje gjorde
det. Han var ein gjæv Gut; han var riddarleg. Gud, so
styveleg som ho hadde vori, som trudde at dei kunde
trulova seg no, med’ dei gjekk paa Skulen; ish, ho var
ikkje likare enn Emilie. . . Og tenk; so fagert som det
vilde vera aa gaa og elske kvarandre og tenkje paa
kvarandre i mange Aar, og vera hugfaste og trufaste.
So kom den eine Friaren gildare enn den andre, den
eine rikare og finare enn den andre; men nei fekk dei
ein etter ein. Folk tok til aa tala um denne byrge
Gjenta som sagde nei til so gode Tilbod; men sistpaa
kom det upp: ho gjekk og var trufast mot sin fyrste
Kjærleik. —

— Uff; han kunde no gjerne ha kysst henne ein Gong
fyrst likevel!

XI.

Fru Holmsen hadde vorti Enkje for Aalvor. Ein
skoddefull Morgon i Marts hadde dei funni Holmsen
utanfor Palæbryggja stiv og daud, med dei stygge ljose
Augo vidt uppspilte.

123

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0125.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free