- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
126

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fraafalle hans Far; men no er eg so fortumla at eg
ikkje kann. Lea fekk Krampe, daa ho høyrde det. Far
vert gravlagd den 20de denne Maanaden her ute. Helsa
ho Mor. No maa eg slutte for denne Gongen med ei
kjærleg Helsing fraa din sorgfulle Bror.

Tom Holmsen.

Fraafalle er meldt Mor ved Telegram.

Ho Mor frøste av Harm. Nett som eg ikkje skulde
vera til! sagde ho. Jomfru Aaberg trur vel ikkje eg
kann sy ein Kjole dessmeir! — Men kjoletye kom vel
med, kor som var.

— Dei flutte den Vaaren. Myrkre og Matlugti i dei
gamle Romi var ikkje herdande lenger, sagde ho Mor.

Men stødt skulde dei bu i Utkantane. Det nye
Hus-være laag øvst paa Hægdehaugen, ovanum Uranienborg.
Det var heiltupp paa Lande; Uranienborg med
Furuskogen sin gjorde at dei ikkje kunde so mykje som sjaa
Kristiania.

Der var vent og fredelegt. Det vesle einhøge Trehuse
laag gøymt i ein Hage. Derifraa gjekk ei Utanpaa-Tropp
beint upp til Kvistromi, der dei budde; so turvte dei
aldri bry nokon.

Det var tvo smaae Rom og ein Kove. I det minste
Rome var det Kokeomn; det skulde daa vera Kjøk. Det
største som var avlangt med Glase i den eine
Tver-veggen, vart Daglegstogu, Arbeidsrom, Soverom og
Matrom.

Her sette dei Sengi og Syborde og Dragkista, og so
dei tri Pinnestolane. Veggen yvi Dragkista vart prydd
med Fotografi, derimillom eit, som til dessa hadde legi
gøymt: Far og Mor fraa Trulovingstidi. Dragkista sjølv
vart pynta upp med ymist smaatt: det gamle
Postelins-skrivestelle hans Far; eit uheilt Likørstell fraa Fred-

126

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0128.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free