- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
127

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

heimstidi; ei stor, forgyllt Eau-de-Cologneflaske;
Dokke-Testelle til Fanny; eit Hyrdingbilæte av Gips,
Gaave fraa Onkel Solum. Dette vart alt skipa upp
kringum den gamle fine Pyntespegilen og tok seg godt
ut. Eit Par Stadir, der Veggine gapte altfor tomt, vart
det upphengt eit Lithografi og ei gamal Avismappe. Til
Slutt var det berre Golve som var noko tomt; dei tri
Pinnestolane fyllte ikkje noko vidare. Dersom du no
kunde koma med den Ruggestolen du vilde gjeva meg
ein Gong, Fanny! ynskte ho Mor. Men det kom seg,
daa ho fekk laane den gamle Sofaen av Onkel Nils; han
var slitin og stygg, Sofaen, men gjorde god Mün
likevel. Og no vart det reint gildt her. Ho Mor ynskte berre
at ho kunde faa slaa seg til Ro; eg er gamal nok til det,
sagde ho. Og no hev eg kje gjort anna enn flutt, sidan
eg reiste fraa Fredheim! —

Fanny lika ikkje at ho var komi so langt burt ifraa
William. Tenk; dei som fyrr hadde butt under same
Tak; no laag det ein heil Hovudstad imillom deim. Men
ho hadde daa Brevi hans. Aa, so vent som han skreiv.
Mi fagre Møy; min blaaøyde Engel; eg er æveleg din;
aldri kann eg gløyme deg; du hev mitt Hjarta, og ingin
annan skal faa det, nei ikkje um det var ei Prinsesse;
— den søte Guten. Og so fekk ho kvar Dag sjaa han.
naar ho var i Skulen; helst i Fristundine; Hovude stakk
seg upp yvi Plankegjerde rett som det var. Ho hadde
og den Trøysti, at den sanne Kjærleiken ikkje vert sløkt
men styrkt ved Aatskiljing; det hadde ho lesi baade her
og der.

Ho Mor hadde mange aa sy aat her upp-etter, Vénir,
som ho kalla deim; ho var ikkje nokor vanleg Sydame.
Stime av desse Vénine var fælt fine; Assessorfrua kunde
jamvel hente henne med Hest. Fanny fekk i den nye
Kjolen sin av og til fylgje henne Mor i dei fine Husi.

127

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0129.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free