Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
süme Tidir; men det saag ut til at han hadde Moro av
aa gjera deim bljuge. Daa han fortalde um Fuglane,
korleis dei makar seg, var han so løgleg at dei visste
ikkje si arme Raad; dei sprakk mest av Laatt, men var
so skamfulle attaat, so dei torde ikkje sjaa paa
kvarandre. Ein Dag daa dei gjekk ned fraa Samlingi møtte dei
nokre Studentar, som kalla deim «Smaakjærestane til
Professor Borchgrevink»; det totte dei var morosamt.
Fanny gjekk heim og fortalde det. Daa vart ho Mor
aalvorsam. Du skal ikkje gaa paa den Samlingi meir,
sagde ho. Kvifor det? spurde Fanny. Det er ikkje noko
for Smaagjentur, sagde Mor. Den Professor
Borch-grevinch er ein stygg Fyr. Uff; alltid skal du no vera
der du ikkje bør vera. Kanskje du hev set noko til fine
Smaagjentur der?
Næste Gongen sat Fanny heime. Men Gongen
deretter att vart Hugen for sterk. Ho lurde seg i Veg; ho
Mor turvte ikkje vita um det.
Den Dagen vart ho aaleine i Ser-Rome til Professor
Borchgrevinch; korkje Ingeborg eller Anna kom. Fanny
hadde ikkje godt av seg. Men naar ho fyrst var
inn-komi, so laut ho vera der eit Bil; det saag rart ut aa
gaa med det same att, totte ho; og Professoren var snild
og venleg som elles.
Han synte henne Bilæte og fortalde Sogur; daa ho
vilde gaa, bad han henne vente litegrand; so skulde ho
faa sjaa noko reint snodigt. Han kom fram med noko
som ei stor Dokke. Den Dokka hadde han upp Magen
paa; og so tok han fram noko rart. . . uff, kva er det?
spurde Fanny. Det er ei Livmor det, Gjenta mi, smilte
Professoren.
Fanny vart eldande raud; no maatte ho gaa. Uff, no
maatte ho gaa. Men ho gjekk ikkje. Han lagde Armen
farslegt kringum Live hennar og tok til med Forklaa-
134
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>