Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ringar. Det var jammerleg leidt. Ho vilde gaa; no vilde
ho gaa. Men ho gjekk ikkje. Ho høyrde det meste av
det han sagde. Av og til drog han henne nærare inn
aat seg: du maa sjaa, du maa sjaa! sagde han. So tok
han til aa nemne nokre ulikelege Ting ... uff; ho reiv seg
laus, Graaten stod henne i Halsen. Eg maa heim; stunde
ho og drog seg hastande mot Døri; naa, skal du gaa?
sagde Professoren med sitt blide Mæle. Ja-ja; adjø daa;
velkomi att næste Gong. Og som sagt: kjem du heim
til meg der eg bur, so skal eg lære deg aa stoppe ut Fuglar.
Du fær gaa ut den Døri der; Samlingi er stengd den no.
Adjø, adjø, Barne mitt; velkomi att.
Hugvill og ør sette ho avstad. Ei sanselaus Rædsle
elte henne og dreiv henne; ho flaug og ho sprang; paa
Bakvegar kom ho upp i Parken; der seig ho ned paa ein
Benk; Graat og Magtløyse tok henne. Aa fy, aa fy, for
ei simpel Gjente ho var. Aldri meir torde ho sjaa Folk i
Augo. Aa; tenk um Grete visste... og tenk um alle
dei andre pene Gjentune visste. . . og ho Mor; og Lea
... og tenk han som visste alt; aa, ho vart æveleg usæl.
Aa fy, so simpelt. Aa fy, aa fy . . . Det var kje han,
ho hadde vori rædd, det var ikkje han . . .; uff ho
var verre enn baade Emilie og Karoline. Tenk; staa
og høyre paa slikt og ... mest... tykkje Moro i det!
Aa —; ein Gong kom det vel for ein Dag, at ho var slik;
aa fy; ho kunde bite Tunga av seg; ho torde ikkje sjaa
Folk i Augo; aldri meir torde ho sjaa Folk i Augo; aa
korleis skulde ho no kunna koma heim til ho Mor. —
Heile Eftan laag ho heime i Sofaen og grét. Eg er
sjuk, eg er sjuk, bar ho seg. Kva er det som vantar deg
daa? spurde ho Mor. Eg hev vondt i Hovude, sutra
Fanny; eg er so skræmeleg rædd.—Er du rædd? Kva
er det no att? Uff, du er so rar, Barn; neimen um eg
veit kva som vantar deg, eg. — Hu, eg er so skræmeleg
135
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>