Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
rædd, Mor. — Ja men kann du ikkje segja meg kva det
er daa? Ho Mor var mest leid. Aa —, aa—, grét Fanny;
Mor; eg er so fælande rædd! —Er det noko tids?
Hev det hendt deg noko? — Nei. nei. . . nei, det hev ikkje
hendt noko. . . . Uff, men du er vond paa meg, Mor.
— Aa er det det att. — Uff, du er vond paa meg, Mor;
alle vert vonde paa meg; ingin vil vita av meg; ikkje
du, ikkje Lea, og ikkje Grete og ikkje nokon ... — Sjaa
her, Barn; her er Nafta; drikk no, so fær du sova. So.
Ligg no ikkje og elt deg med slikt Tøv; ver snild Gjente
no, Krulltoppen; det er ingin som er vond paa deg,
sky-nar du vel!
Men Fanny gjekk og var underleg i fleire Dagar.
— Endeleg byrja Teatre att; Fanny melde seg til
Teneste paa Stundi.
Det var ingin Vanske; ho kunde halda seg for fast
Statist. Aa Gudskjelov, at ho hadde Teatre. Her var
Heimen for henne; her hadde ho si Von og si Trøyst.
Ingin Ting i Verdi skulde drive henne fraa Teatre.
Lagnaden sjølv hadde synt henne Vegen dit; og den Vegen
skulde ho fylgje. Berre ho kunde sleppe fram ein Gong.
All Møde og Naud vilde vera slutt, naar ho berre kunde
bli konfirmera.
Spélstyraren Josephson var umaateleg snild; han
skrepte av henne og gav henne Rollur. Ho var Svein i
«Don Juan» og Smaagut i «Coriolan»; i det siste Stykke
hadde ho endaa eit Ord aa segja: naar eg blir stor, so
vil eg ög slaast!
Ho livde paa Teatre som i eit Æventyr. Der var det
straalande Ljos, straalande Klædningar, Musik, Moro,
Leven; Kunstnarane var som Folk skulde vera,
lettliva og lentunge, hugheile koss det gjekk; slik var ho
sjølv med, og slik vilde ho vera. Og so tenk, alle desse
rare Troppir og Gangar og myrke Rom; og Maskin-
136
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>